MENY

RV 44 – omkjøringsveg Kleppekrossen

Den nye RV 44 skal gå utanom tettstaden Kleppekrossen i Klepp kommune, frå Håland i nord i ein sløyfe gjennom og vest for Kleppevarden, for så å komme inn igjen på gamlevegen sør for Sør-Braut.

Lokaliteten Nord-Braut

Etter innleiande undersøkingar der det vart påvist omfattande arkeologiske kulturminnespor, vart det i vår sett i gang undersøkingar i tre områder. Lengst i nord, på garden Håland vart det ikkje funne noko. På Nord-Braut vart eit mindre område flateavdekka, dvs. matjorda grave vekk med gravemaskin slik at nedgravingar i den lyse auren kom fram. Her vart det påvist nokre stolpehol, eldstader og kokegropar. I bakken opp for tunet vart den gamle gardsvegen undersøkt og to vegfar, ein eldre og ein yngre sokalla holveg der ferdsla hadde slite djupe far ned i bakken. Vidare undersøkte vi nokre dyrkingsspor og ein liten omrota steinaldersbuplass. Det er klårt at dei funne fortidsspora er frå ulik alder, men da vi ikkje fann nokre oldsaker som kan fortelje noko om kor gamal busetnaden er må dette utstå til 14C-prøvene er analysert.

Helge Sørheim

 

 Lokaliteten Kleppevarden

Dei mest omfattande undersøkingane fann stad ved det planlagde tunnelinntaket på sørsida av Kleppevarden. Ved forundersøkinga våren 2005 vart det påvist ei rekke spor under matjordlaget i hellinga mot sør og vest. Herifrå er det vidstrakt utsikt utover buktande dyrkingsflater, Orrevatnet og Jærstrendene i vest og sørvest.

kleppekrossen
Oversikt over området, sett mot NØ

I hellinga mot vest skilte det seg klart ut to busettingsflater. På den øvste fann vi eit eldorado av stolpeavtrykk frå grindbygde langhus. Det var tydeleg at det hadde stått fleire hus frå ulike periodar her. Arbeidet med å skilje ut kva stolper som høyrde saman i ein bygning vart ytterlegare forvanska då den vestlege delen av platået var noko nedpløgd. Det lengste huset kan knytast til ei 40 meter lang grøft aust på flata som går parallelt med dei parvis stilte stolpane. I ei nedgraving midt i huset ble det funnet eit lite, dekorert skår frå eit bordkar som kan daterast til yngre romartid / folkevandringstid (200-550 e.Kr.)

På den nedste busetjingsflata i vest vart det avdekka eit bredt langhus med kraftige, steinskodde stolpeholl. I nordlege del av huset låg ein svær eldstad. Like aust for boligen låg ei grop med store mengder leirkarskår frå to sjeldne kartypar laga i Skive amt på Jylland. Kara med to eller fire ører kan daterast til bronsealderen, periode V, og er eit skjeldent materielt uttrykk for kontakten mellom Jæren og Jylland for nærare 3000 år sidan. Ein sjettedel av alle norske funn frå bronsealderen er funnet på Klepp, og det hadde vore svært gledeleg om langhuset får ei datering til bronsealder og kan være med og fylle ut biletet av menneska som levde i sentrum av denne funnrikdommen.

Tre graver vart undersøkt på lokaliteten. På toppen av bakken nedanfor dei nyreiste bolighusa, vart det funne ei rundrøys og botnlaget av ei langrøys. Lenger nede i hellinga mot vest vart det undersøkt ei flatmarksgrav med forholdsvis store strandstein lagt tett i tett. I samtlege graver ble det funne små fragment av brende bein. Mens det ble funne ei halv glasperle i rundrøysa, fant vi nokre leirkarskar i langrøysa, mellom anna eit større randskår av fin kvalitet.

Sørvest på feltet, på kanten av hellinga mot sør, vart det undersøkt eit smieanlegg som inneheldt ei rekkje groper fylt med slagg, kol og brent leire. Bygningsspor i form av stolpeholl og ei grøft nordaust for gropene viser at bearbeidinga av jarnet har funne stad innandørs, og aktivitetane kan truleg knytast til den øvste buplassflata i nordaust.

Barbro Dahl


 

 

 

Deltakere:
AmS-ansvarlig: Helge Sørheim
Feltleiar: Kleppevarden: Barbro I. Dahl
Feltleiar: Nord-Braut: Marit Wold
Feltassistentar: Sikke Viste, Linn Eikje, Even Ballangrud, Henriette Hafsaas og Anders Rabben