MENY

Mange funn på Hove og Sørbø

Den arkeologiske utgravinga som starta opp forrige juni på gardane Hove og Sørbø nokre kilometer sør for Sandnes sentrum, fortset i år frå mars til september.

Medan ein i fjor konsentrerte seg om Hove, vil ein i 2012 fokusere på Sørbø-delen av høgdedraget her på austsida av Ganddalen. Det er vidare planlagt ein kortare, avsluttande feltsesong i 2013 der ein i løpet av eit par månader vil undersøkje nokre jorder på Sørbø, like ved Lundehaugen v.g.s.

Bakgrunnen for utgravingane på Hove og Sørbø, er at område med registrerte kulturminne her har blitt frigjeve til bustadbygging på vilkår om arkeologiske undersøkingar før byggestart. Både tidlegare arkeologiske registreringsgravingar i regi av Rogaland fylkeskommune, gjenstandsfunn og informasjon som stadnamn peikar mot at det har funnest ein viktig gard innan dette området i jernalderen.

Bjørn Myhre, arkeolog og tidlegare direktør ved Arkeologisk museum i Stavanger, skreiv ein samanfattande artikkel om garden Hove i tidsskriftet i frà haug ok hei?ni (1997, nr.3). Han oppsummerar med at området med Hove (namn på det førkristne religiøse senteret) og dei tilgrensande gardane har vore sete for ei høvdingætt i yngre romartid og folkevandringstid.
Han tolkar ei rekke funn (mellom anna høgstatusgjenstandar av gull og bronse frå 200 – 300 –talet e. Kr.frå fjerna gravhaugar på høgdedraget ved Hoveveien) og andre indikatorar slik at det her i løpet av perioden ca. 200 – ca. 550 e. Kr. hadde vokse fram ein sentralstad med ein lokal høvding med internasjonale kontaktar.

I løpet av feltsesongen 2011 vart det opna opp om lag 9000 m², fordelt på tre delfelt og seks mindre sjakter. Det blei påvist nærmare 2000 ulike spor frå jernalderen, som stolpehol, eldstadar og kokegroper. I tillegg vart det samla inn rundt 250 gjenstandsfunn, for det meste leirkarskår frå område der det hadde stått bygningar i jernalderen.

På grunnlag av dei mange hundre stolpehola, er det framtolka 15 ulike bygningar. Desse omfattar både langhus i over 20 meters lengde og mindre konstruksjonar i form av enkle skur og uthus. Ein grov også ut eit steinfylt område som truleg var dei svært øydelagde restane av ei gravrøys frå jernalderen, det vart ikkje gjort funn av gravgåver her.

Så langt i feltsesongen 2012, har utgravinga forsterka biletet frå i fjor om ei omfattande busetnad her på høgdedraget på austsida av Ganddalen i jernalderen.

I mars vart det opna opp eit relativt lite delfelt rett nord om Hove plantesalg. Dette området hadde opprinneleg ikkje høgste prioritet innan utgravingsprosjektet, men viste seg å innehalde over 600 spor i form av stolpehol, groper og eldstadar. Dette er så langt tolka som eit eige gardsanlegg frå jernalder eller bronsealder, truleg separat frå det funnrike busetnadsområdet nokre hundre meter lenger mot sørvest.

Frå midten av april og fram til i dag har eit større arbeidslag på 8 arkeologar og ein maskinførar halde fram der undersøkinga på Hove stansa i fjor haust. Ein har utvida utgravingsområdet sørover til Sørbø-delen av prosjektet. Dette har avdekka hundrevis fleire busetnadsspor, mellom anna ser det ut til at ein kan få fram restar av eit gardsanlegg med eit stort langhus som har fungert som bustad og eit noko mindre langhus som har vore verkstadhus/eldhus.

Funn av særprega, spannforma keramikk knytt til begge desse bygningane daterer bruken av dei til folkevandringstid, dvs perioden ca. 400 – ca. 550 e. Kr. Det er så langt framtolka om lag 20 huskonstruksjonar frå jernalder/bronsealder innan undersøkingsområda på Hove og Sørbø.

Utgravinga held fram for fullt fram til om lag september, og det vil i år som i fjor bli arrangert ein Open Dag for publikum i løpet av feltsesongen.


Tekst: Even Bjørdal
Foto: Morten Berentsen

Even Bjørdal, prosjektansvarleg arkeolog
Førstekonsulent ved Arkeologisk museum, UiS
Tlf: 41645857 (mobil) / 51832674 (kontor)
E-post: even.bjordal@uis.no

 


 

UiS logo