Forside» Fagområder» Feltarbeid» Feltsesong 2012» Hove - Sørbø, Sandnes kommune

Halvveis i feltsesongen


Den arkeologiske utgravinga har no vore i gong i drøye to månadar, såleis er vi halvvegs i feltsesongen på Hove – Sørbø i 2012. I forrige veke vart den maskinelle flateavdekkinga avslutta, så no er fasen med gravemaskiner og dumpers i samspel med krafsande arkeologar over for i år. Den vidare utgravinga vil føregå manuelt, med krafse, spade og graveskei.

I alt har det i løpet av 2011 og 2012 blitt fjerna matjordlaget på meir enn 32 000 m² dyrka mark i samband med jakta på busetnadsspor og graver. I perioden frå etter påske og fram til i dag har mellom 7 – 10 arkeologar frå Am / UiS vore i arbeid med framrensing, innmåling og øvrige former for undersøking og dokumentasjon av tusenvis av stolpehol, groper, kokegroper og eldstadar m.m.

Gjennom feltsesongane i 2011 og 2012 har det til no blitt påvist 28 bygningskonstruksjonar; alt frå store langhus (det lengste ca 65 m, det nest lengste ca 45 m) via langhus av meir vanleg storleik (ca 15 m – 35 m lengde) ned til mindre uthus og skur (ca 8 – 10 m lengde). Dei fleste av desse bygningane var i bruk i løpet av jernalderen (500 f. Kr. – 1050 e. Kr.), men ein har òg funne nokre som moglegvis stammar heilt tilbake frå bronsealderen (1800 – 500 f. Kr.).

Dei tydlegaste busetnadsspora kan knytast til eit omfattande gardsanlegg frå folkevandringstid (ca 400 – 550 e. Kr.). Til denne storgarden høyrer det før nemnde langhuset på rundt 65 m lengde, og ein tilhøyrande bygning på ca 30 m lengde som truleg har fungert som eldhus og produksjonslokale. Desse bygningane er så langt datert på bakgrunn av funn av skår frå spannforma leirkar og ei krossforma draktspenne av bronse; dette er gjenstandstypar som klart kan knytast til folkevandringstida. Det finst i tillegg spor etter fleire huskonstruksjonar i nærleiken som også kan ha vore i bruk i tilknytning til dette gardstunet, men tolkinga av desse pågår enno. Det er liten tvil om at det har budd ein mektig bonde / høvding på dette gardsanlegget.

Dei fleste gjenstandsfunna er skår av ulike typar leirkar frå jernalderen, truleg kasta som avfall etter at kara har blitt knust. For øvrig har det blitt funne ein del bryner, jernnaglar, og malesteinar for knusing av korn og liknande. To spesielle funn er ei komplett dreiekvern for kornmaling og eit vevlodd av brent leire. Ikkje uventa har ein så langt ikkje funne noko som kan måle seg med dei flotte gjenstandane som blei påtruffe ved fjerninga av gravrøyser her på høgdedraget på slutten av 1800 – talet; gravgåver av gull og bronse og eit rikt dekorert leirkar som urne. Men det trer fram eit stadig klarare bilete av ein storgard som står i stil med den rikdommen og sosiale makta som desse gravgåvene avspeglar.

Søndag 10. juni blei det arrangert Open Dag ved utgravinga, i strålande sol var det om lag 400 frammøtte som fekk omvisning og informasjon på det viktigaste undersøkingsfeltet av både arkeologar og tilsette ved formidlingsavdelinga ved Am / UiS. Utgravingsprosjektet på Hove – Sørbø har for øvrig fått besøk av både aviser og tv i løpet av våren og forsommaren.


Tekst og foto: Even Bjørdal


Sist oppdatert av Ragnhild Nordahl Næss (26.06.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Krossforma spenne.

Metallproduksjonsavfall.