MENY

Jærstrendene - namn og stader

Namn langs kysten var ofte laga for å åtvare om farleg farvatn. Med Inge Særheim si bok får vi no kjennskap til 3000 namn langs jærkysten.

Bilde av Inge Særheim ved Jærkysten. Namneforskar Inge Særheim har samla stadnam langs Jærkysten sidan 1970-talet. No er namna samla mellom to permar. (Foto: Pål Christensen, Stavanger Aftenblad)

Boka «Jærstrendene – Namn og stader» kan kjøpes i  museumsbutikken til Arkeologisk museum, eller bestilles ved å sende en epost til resepsjon-AM@uis.no
Pris: 325,- (hvis du bestilller den hos oss kommer porto i tillegg)
Dersom du har en rabattkode, skriv den i eposten med bestillingen eller oppgi den i museumsbutikken.

– Stadnamna er viktige kulturminne og kulturhistoriske kjelder som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestillingar i tidlegare tider, og – ikkje minst – om språket vårt, fortel Inge Særheim, som er professor ved Universitetet i Stavanger.

– Det har vore viktig for båtførarane å kjenne til naturen. Kysten var ein farleg arbeidsplass og mange av namna er laga som reine åtvaringar, fortel Særheim som nyleg har gjeve ut boka Jærstrendene – namn og stader på AM Forlag, om lag 40 år etter at mange av namna vart innsamla. Dette er ei praktbok i stort format med ca. 120 fargefoto og 40 kart der over 3000 namn frå jærkysten er avmerkte.

 

UiS logo