Forside» Fagområder» Feltsesong 2010» Austrått, Sandnes k. og Kvernevikv., Stavanger k.

Austrått, Sandnes kommune og Kvernevikveien, Stavanger kommune


I løpet av mai månad er det blitt utført arkeologiske undersøkingar i regi av AM på ein gard på Austrått i nærleiken av Sandnes sentrum og langs ei strekning ved Kvernevikveien (rett ved kjøtvarebutikken Gabbas) i Stavanger kommune.

Tidlegare registreringar i dei to områda hadde påvist automatisk freda kulturminne i form av busetnadsspor frå jernalder.  Ytterlegare undersøkingar måtte difor til før moderne utbygging kunne ta til.

På Austrått skal det kome nye bustadar, og ved Kvernevikveien skal det kome gang-og sykkelsti og ein noko breiare veg. Utgravinga på Austrått er no avslutta, medan det arkeologiske feltarbeidet held fram ved Kvernevikveien.

Austrått
Her hadde den tidlegare utførte registreringsgravinga påvist kokegroper. I løpet av to veker i starten av mai vart det ved hjelp av flateavdekking med gravemaskin opna opp eit større område her, og dette resulterte i funn av i alt 4 kokegroper, ei av dei uvanleg djup og brei.

Undergrunnen i området var ganske leirhaldig og innheldt steinar og spor etter steinopptrekk. Dette er med på å forklare kvifor ein ikkje fann andre busetnadsspor, det var tydlegvis ikkje den beste plassen å føre opp langhus i fortida. Men ei eldre registrering fortel at det for om lag 100 år sidan enno fanst spor etter eit forhistorisk gardsanlegg i eit område noko lenger mot aust, der det i dag er bygd ut til bustadar.

Kvernevikveien
Arbeidet her starta opp den 18. mai og er ikkje avslutta. Tidlegare arkeologiske registreringar i denne slake, sørvendte hellinga har påvist ei mengde busetnadsspor i form av stolpehol, groper, kokegroper, veggrøfter med meir.

Ved hjelp av maskinell flateavdekking har ein i løpet av dei to siste vekene opna opp tre områder innan den planlagde traséen. I det største av desse områda har ein funne spor etter fleire langhus frå eldre jernalder, moglegvis opptil 3 stykker så langt.

Det langhuset som ein har nådd å undersøke meste grundig, har bevarte spor etter både takberande stolpar og veggstolpar, fleire eldstadar og minst 4 dører. Dette huset stammar truleg frå romartid, det vil si perioden frå ca. år 1 – ca. 400 e. Kr. I ei grop på området har ein funne bitar av dekorert, spannforma keramikk – denne er mest truleg frå 400-talet.

 Feltleder Even Bjørdal 31.05.10.

 


 



Flateavdekkinga på Austrått, Even Bjørdal til høyre i bildet.