MENY

Bevares

Det overordna målet for programområdet BEVARES er å samle og styrke den tverrfaglege forskinga som allereie går føre seg ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

BEVARES – Biological EnVironmental and Archaeological inter-disciplinary RESearch on life-course, material and materiality in human depositions.
?(Biologi, miljø og arkeologi – tverrfagleg forsking på mennesket sitt livsløp, material og materialitet). 

Det overordna målet for programområdet BEVARES er å samle og styrke den tverrfaglege forskinga som allereie går føre seg ved AM-UiS, og slik støtte opp om måla som er nedfelt i dei strategiske planane for forsking og fagleg utvikling for 2011–2014 (AM 2011) som er kopla til kulturminneforvaltinga ved museet (Lillehammer 2012).

Størstedelen av kunnskapen om menneska i dei eldste tider er framkome gjennom arkeologiske undersøkingar gjennom dei siste 100 år. Spora er ofte uorganisk material som stein og keramikk, medan organisk material som t.d. skjelett, tekstil, tre, lær, frø, pollen og matskorper blir sjeldnare funne i arkeologiske kontekstar både over og under vatn. Typiske funn under vatn er skipsvrak og hamneanlegg med mykje treverk, ofte med funn av last eller andre ting i tillegg, både av organisk og uorganisk material. Forsking på slikt material kan fortelje om levekår og livsmiljø for menneske og gje tidsdjupn og perspektiv relevant for alle fagfelt som studerer menneske og miljø. 

Mål for Bevares
Hovudmålet for BEVARES er metodeutvikling, forsking, undervisning og formidling med sikte på bevaring og bruk av bioarkeologisk material for å oppnå kunnskapsvekst om levekår og livsmiljø i fortida.
BEVARES skal: 
A. Aktivisere bioarkeologiske samlingar ved AM gjennom å ta i bruk nye og (vidare)utvikle eksisterande metodar, byggje opp arkiv for organisk referansematerial til nytte for kulturminneforvaltinga, undervisning i konservering, bioarkeologi, ‘forensic archaeology’, museologi og historiedidaktikk. AM vil formidle arbeidsmåtar og resultat gjennom det nasjonale NFR-prosjektet Forsking i fellesskap sitt delprosjekt Formidling som kunnskapsgenererende virksomhet.
B. Analysere resultata av bevaringspraksis for bioarkeologisk material med sikte på betring av forvaltningspraksis i kulturminnevernet.

 

 

 

UiS logo