MENY

BEAM

Det overordna målet for programområdet BEAM er å samle og styrke den tverrfaglege forskinga som allereie går føre seg ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger. Programområdet er ei direkte vidareføring av Bevares, programområde for forsking 2014 – 2016, men med nye medlemmar som bidreg med ny spisskompetanse og ei nyorientering, markert i endring av akronym.

Bilde av en forsker som viser fram deler av skjeletter på  Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger. Sean D. Denham viser fram deler av skjelett på Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

BEAM – Biological Environmental and Archaeological inter-disciplinary research on life-course, Material and materiality in human depositions.
(Biologi, miljø og arkeologi – tverrfagleg forsking på mennesket sitt livsløp, material og materialitet). 

Det overordna målet for programområdet BEAM er å samle og styrke den tverrfaglege forskinga som allereie går føre seg ved AM-UiS, og slik støtte opp om måla som er nedfelt i dei strategiske planane for forsking og fagleg utvikling for 2011–2014 (AM 2011) som er kopla til kulturminneforvaltinga ved museet (Lillehammer 2012).

Størstedelen av kunnskapen om menneska i dei eldste tider er framkome gjennom arkeologiske undersøkingar gjennom dei siste 100 år. Spora er ofte uorganisk material som stein og keramikk, medan organisk material som t.d. skjelett, tekstil, tre, lær, frø, pollen og matskorper blir sjeldnare funne i arkeologiske kontekstar. Forsking på slikt material kan fortelje om levekår og livsmiljø for menneske og gje tidsdjupn og perspektiv relevant for alle fagfelt som studerer menneske og miljø. 

Mål for BEAM
Hovudmålet for BEAM er metodeutvikling, forsking, undervisning og formidling med sikte på bevaring og bruk av bioarkeologisk material for å oppnå kunnskapsvekst om levekår og livsmiljø i fortida.
BEAM skal: 
A. Aktivere bioarkeologisk materiale frå utgravingar og i AM sine samlingar ved ei tverrfagleg, multianalytisk tilnærming og bruk av nye arkeometriske metodar
B. Forske på bevaringspraksis for bioarkeologisk material for å sikre deira informasjonspotensial.

 

 

UiS logo