MENY

Korleis var livet i Stavanger i middelalderen?

Det er mykje som er uutforska når det gjeld middelalderen i Stavanger. Det ønskjer forskarar ved Arkeologisk Museum å gjere noko med.

Bilde fra utgravingen under domkirken i 1967-68. Foto: Arkeologisk museum, UiS Bilde fra utgravingen under domkirken i 1967-68. Foto: Arkeologisk museum, UiS

Vi veit faktisk svært lite om livet i middelalder-Stavanger, trass i at Stavanger har den best bevarte middelalder-katedralen i landet. Mindre kjent er at det i tillegg finst ein gravplass frå middelalderen, med godt bevarte skjelett, i bakken direkte under og rundt Domkirken. Vi kan få mykje kunnskap om livet i middelalderen ved å undersøkje desse. Kor kom dei i frå? Kva jobba dei med? Var dei mykje sjuke? Kva åt dei? Kor gamle vart dei? Døydde mange mødre og spedbarn under fødsel? Skjeletta og andre spor vi kan finne i jorda utgjer eit verdfullt historisk arkiv som ulike fagfolk og forskarar kan lese på bakgrunn av kunnskap og tekniske analysemetodar. Denne kjelda til informasjon i Stavanger er så langt lite utnytta. Det ønskjer forskarar ved Arkeologisk Museum å gjere noko med. Eit forprosjekt er i gong der prøvar til datering vil bli tatt ut frå jorda som er eksponert i krypkjellaren under golvet i kyrkjeskipet. Dette vil kunne sei noko om utstrekninga på den tidlege middelalder-kyrkjegarden. Vidare vil det søkjast finansiering av eit større forskingsprosjekt som vil innebere nye utgravingar i og rundt Domkirken, samt diverse analysar og undersøkingar av skjelett og anna som blir funne, i tillegg til det som allereie finst i samlingane til museet. Prosjektplanane vil òg måtte godkjennast av Riksantikvaren ettersom det vil innebere inngrep i verna kulturminne.

Kvifor vil vi forske på livet i fortida?

Det finst få historiske kjelder som skildrar Stavanger i middelalderen. Det arkeologiske materialet i AM sine magasin og under bakken i sentrum er difor ei unik kjelde til betre å forstå utviklinga av Stavanger som by og samfunn frå tidleg middelalder og fram til i dag. Å kunne studere ei befolking gjennom tid, om lag 1000 år, gjev tidsdjupn i forsking på menneske, miljø og samfunn. Dette er verdfullt for studiar om slike tema i dag, og ikkje minst for å betre kunne føresei framtidig utvikling. I løpet av denne perioden skjedde store religiøse og politiske omveltningar i Norge, byane vaks fram og befolkinga vart utsett for periodar med pest og uår. Kva slags effekt hadde dette på menneska, på befolkningsvekst, til- og frå-flytting, helse? Eit døme er relevansen for medisinsk forskning i dag ettersom vi håpar å kunne sei noko om førekomsten av diverse sjukdomar og helseplager i ulike periodar. For å best ivareta dette arkivet er det òg nødvendig med forsking. Vi veit lite om tilstanden til kulturlaga og skjeletta i dag, etter mange år med intensifisert aktivitet i sentrum. Prosjektet vil ha som mål å undersøkje dette, og vurdere tiltak for å sikre materialet for framtida. Ikkje minst har slike spor frå fortida ei rolle og eit potensiale i dagens Stavanger til å skape identitet, kjensle av tilhøyring og nye kulturelle og sosiale møtestadar. Kulturarva har både kulturell, sosial og økonomisk verdi. Forskinga og resultata av desse kan vere med på å gje ein boost til Stavanger sentrum til nytte for både næringsliv, turisme, innbyggjarar og besøkande. I jakta på kva Stavanger skal vere etter oljå er AM-UiS sitt bidrag å løfte fram og synleggjere middelalderhistoria til byen.

Korleis kan ein forske på middelalder-Stavanger?

I dette prosjektet vil fokus vere på mennesket i sitt miljø. Korleis har levekår og levesett endra seg i samspel med endringa frå eit bonde- til eit bysamfunn, og med endringar i klima, landskap og vegetasjon? I tillegg vil ein del av prosjektet undersøkje tilstanden til kulturlaga og materialet som blir funne, for å vurdere tiltak for best mulig framtidig bevaring. For å gjere alt dette står undersøking av skjeletta sentralt, men òg analysar av miljø-data som jord, frø og pollen.

Skjeletta vil bli studert av spesialist som vil kunne bestemme kjønn, alder og høgd, og finne ulike slitasjar, skadar og sjukdomar som set spor i skjelettet. Av og til kan ein avgjere dødsårsaka. Vidare vil prøvar bli tatt frå skjeletta for ulike typar kjemiske og biomolekylære analysar inkludert radiokarbon-datering. Datering er viktig for å tidfeste dei ulike hendingane. Til dømes er eit viktig spørsmål kor lang tilbake i tid denne kristne kyrkjegarden strekker seg. Tidlegare resultat har peika mot kristne graver allereie i vikingtida, noko som vil vere blant dei tidlegaste kristne så langt funne i Norge. Meir data er nødvendig for å kunne stadfeste dette. DNA-analyse har i den siste tida blitt ein viktig metode innan arkeologi og dette vil kunne sei noko migrasjon, slektskap og sjukdomar. Ein annan relativt ny analysemetode er såkalla stabil isotop-analyse der ein måler kjemiske signal i beinet som kan avsløre både kosthald og om ein person har flytta i løpet av livet. Til slutt vil tilstanden på bein-materialet òg vurderast gjennom mikroskopiske og kjemiske analysemetodar. Kva informasjon kan vi framleis finne i materialet og kor mykje er skada eller tapt på grunn av nedbryting eller forureining? Jordprøvar vil òg bli tatt frå gravene for å leite etter pollen og frø, insekt og parasittar, og for gjere jordkjemiske analysar. Målet er blant anna å finne restar etter det siste måltidet, og få kunnskap om gravskikk, til dømes om dei la ned blomar i gravene. For å etablere kunnskap om miljø, vegetasjon og landskap ønskjer vi i tillegg å gjere geologiske analysar som inneber undersøking av materiale frå borekjernar i Breiavatnet og andre stader i nær-området. Dette vil kunne fortelje om landskapsutviklinga over lengre tid, om endringar i klima og vegetasjon.