MENY

Detektivarbeid i museet si skjelett-samling – eit komplekst mysterium

I 1967-68 vart det gjennomført ei arkeologisk utgraving under golvet i Stavanger domkyrkje av det som viste seg å vere ein gravplass frå tida før kyrkja vart bygd. Skjeletta frå utgravinga vart sidan lagra i ulike museale samlingar og har levd eit anonymt liv heilt til forskarar ved Arkeologisk Museum på 2000-talet bestemte seg for igjen å setje søkjelyset på dette som kan vere levningane etter dei første innbyggjarane i Stavanger.

  • Foto av skjelett under utgraving i 1968
    Skjelett under utgraving i 1968.
  • Foto av stor kasse med menneskebein hulter til bulter
    Delar av skjelettsamlinga frå 1968 i tilstanden ho var då nye undersøkingar av materialet starta i 2004, hulter til bulter i ein kasse.
  • Beinspesialist studerer en haug med menneskebein
    Osteoarkeolog Sean Denham under arbeidet med sorteringa av beinmaterialet frå kassen.
  • Beinspesialist jobber med å sortere beindeler og pusle sammen et skjelett
    Eit menneskeskjelett byrjar å ta form.
  • Foto av et menneskeskjelett
    Eitt av resultata: Rekonstruksjon av eitt individuelt skjelett, ei kvinne i 20-åra.

I 1967-68 gjennomførte Arkeologiske avdeling ved Stavanger museum, noverande Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger (AM UiS) og med Perry Rolfsen som feltleiar ei arkeologisk utgraving under golvet i koret i Stavanger domkyrkje. Ein påviste mange graver med skjelett samt anna ymse material.

I 2004 ønskte forskarar ved AM å undersøkje funnmaterialet frå denne utgravinga vidare, noko som vart starten på eit detektivarbeid som framleis pågår. Eit mål for forskarane var og er å nøste opp i kva som skjedde med skjeletta i tida etter at dei vart sendt til Anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo i 1968. Eit anna mål er å undersøkje skjeletta med metodikk som no er tilgjengeleg til å skaffe fram kunnskap om liv og levekår i Stavanger i fortida. Arbeidet har hittil vore både spennande og frustrerande, og nye moment og spørsmål har stadig dukka opp, ikkje minst knytt til forvaltinga av kulturminne både in situ og ex situ. Arbeidet har hittil vore finansiert med støtte frå NFR, UiS, AM og forskarane si tid til eiga forsking. For å kunne komme vidare i forskinga på livet i middelalderen i Stavanger planlegg vi eit prosjekt som inneber utgraving av nytt materiale frå sikker kontekst, der dokumentasjon, undersøking og analysar vil bli utført med det aller siste av verktøy og metodar no tilgjengelege for forskarar i arkeologi og paleobiologi.

Du kan lese meir om dette arbeidet i følgande rapportar og publikasjonar:

Kapittel av Sean Denham, 2014: Commingled remains from Stavanger CathedraL. I boka Old Bones – Osteoarchaeology in Norway: Yesterday, Today and Tomorrow. Redigert av B.J. Sellevold, Side 117-136. Oslo: Novus Forlag.

Artikkel av Hollund, H. I., L. Van der Sluis, and S. D. Denham, 2013: Bevarte skjelett som arkiv for levd liv: Nye metodar for undersøking av beinmateriale frå Domkyrkja. I medlemsblad for Byhistorisk Forening, Stavangeren nr 3(22), side 95-100.

Artikkel av Sandvik, P. U., 2006: Under overflata i mellomalderbyen Stavanger. I tidsskrift for Rogalands arkeologiske forening, frà haug ok hei?ni nr 3, side 9-12.