MENY

Ein gravplass før Domkyrkja – den første arkeologiske undersøkinga i 1967-68

I 1967 og -68 gjennomførte Stavanger Museum arkeologiske utgravingar under golvet i domkyrkja. Her vart det gjort funn frå middelalderen og undersøkinga påviste ein kristen gravplass på staden før domkyrkja vart bygd på byrjinga av 1100-talet.

Planteikning som viser funn av stolpehol og graver fra arkeologisk utgraving i 1967 og 1968 under Stavanger domkyrkje Planteikning av dei ulike elementa funne ved 1967-68 gravinga i den austelege delen av koret i domkyrkja. Basert på originalteikning av P. Rolfsen. Ill: H. Fyllingen © AM, UiS.

På 1960-talet vart det vedteke at krypten i Domkyrkja skulle ominnreiast til bruksføremål. Stavanger museum gjennomførte difor i 1967-68 ei mindre utgraving for å vurdere om det framleis fanst bevarte kulturlag. Allereie på ein halvmeters djupn vart det funne ei grav med bevart skjelett og ei større arkeologisk undersøking av austre del av koret i kyrkja vart nødvendig. Undersøkinga vart leia av arkeolog Perry Rolfsen. Det første ein fann på var eit lag med jordmassar fylt med hushaldningsavfall frå middelalderen som dyrebein, skjell, bygningsmateriale og gjenstandar. I dette laget fanst òg eit lag med kol og varmepåverka stein. Dette er ikkje datert tilstrekkeleg til å kunne sei om det stammar frå aktivitetar frå før Domkyrkja vart bygd, eller om det kan vere restar etter den historisk kjente bybrannen i 1272. Under-kolet fann ein i tillegg fire stolpehol. I desse massane med jord, avfall og kol kunne ein skilje ut 28 nedgravingar med skjelett. Dei døde var alle gravlagd med hovudet mot vest. Det vart ikkje funne gravgods og gravene har blitt tolka som kristne graver. Nedgravingane gjekk inn under fundamenta til kyrkja og må difor ha vore laga før den eldste delen av kyrkja vart bygd på byrjinga av 1100-talet. Stolpehola peikar mot ei tre-bygning som har stått på staden før Domkyrkja vart bygd og med tanke på skjelett-funna er det ikkje urimelig å tenkje seg at dette var eit kyrkjebygg.

Gjenstandane funne under utgravinga er oppbevart ved Arkeologisk Museum (AM). I 1968 var praksis at menneskelege skjelettmateriale vart sendt til Anatomisk Institutt tilknytt Universitetet i Oslo medan dyrebein vart sendt til universitetsmuseet i Bergen. Delar av det menneskelege materialet er returnert til AM, medan dyrebeina framleis er oppbevart ved universitetsmuseet i Bergen. Rapporten til Perry Rolfsen (Rolfsen 1968. Rapport fra utgravningen i Stavanger domkirke) samt alle foto og teikningar frå utgravinga i 1968 er å finne i arkivet til Arkeologisk Museum, UiS.