MENY

Strandforskyving i Norge - nye resultat frå geologisk feltarbeid

Anders Romundset, geolog ved NGU, helt foredrag om strandforskyving i Norge på Arkeologisk museum torsdag 10. november kl. 12.30.

Strandforskyving er eit tradisjonsrikt forskingsområde i norsk kvartærgeologi. Kunnskap om endringar av strandlina gjennom tid og rom er nært knytt til mange ulike tema innafor istidsgeologi, eigenskapar ved jordskorpa og landskapsutvikling lokalt og regionalt. Plasseringa til strandlina er ofte også viktig for arkeologiske problemstillingar i kystområde. I foredraget vil ulike årsaker til strandforskyving bli gjennomgått og metodar for å rekonstruere forløpet lokalt og regionalt vil bli diskutert. Det vil bli presentert døme frå nyare og pågåande forsking i ulike område langs norskekysten, med særleg fokus på Sørlandet.