MENY

Arkeologisk Museum ser framover

– Med det nye formidlingsbygget skal me visa folk i området utstillingar dei elles aldri ville fått sjå i Rogaland, både innanfor natur og kultur, men kanskje òg innanfor nye fagområde ved UiS, seier Arne Johan Nærøy, museumsdirektør ved Arkeologisk museum.

Den arkeologutdanna florøværingen Arne Johan Nærøy, klarer ikkje å styra begeistringa over at hans favoritt, prosjektet Strata, som er teikna av Tupelo arkitektur og Narud Stokke Wiig AS, trekte det lengste strået i konkurransen om å teikna det nye tilbygget til Arkeologisk museum i Stavanger.

Overmodent for nytt bygg
– Kjerneargumentet vårt for å få et tilbygg er at me har for lite utstillingsareal, vesentleg mindre enn tilsvarande museum i Oslo og Bergen, seier Nærøy.
Han viser til det uakseptable i situasjonen at den faste utstillinga måtte demonterast då dei hadde Kina- og Aserbajdsjan-utstillingane og bronsealderutstillinga Solens reiser, og påkjenninga det medførte for gjenstandane.

– Me har dessutan ein stab som er i toppklasse i landet når det gjeld å laga utstillingar, og me kan ikkje risikera at dei flyttar frå oss, smiler Nærøy.

UiS i sentrum
Museet er òg ein attraktiv utleigar av auditorium og møterom, og bygget blir òg eit svar på tiltale til dei som ønskjer eit meir aktivt UiS i Stavanger sentrum.

– I dette ligg det eit uforløyst potensial som me skal arbeida med i åra framover, poengterer Nærøy, som håper at dei andre miljøa ved universitetet som har planar om aktivitetsdagar eller formidlingsprosjekt, ser potensialet i det nye bygget.

Rogalands skattkammer
Endeleg vil det nye tilbygget tilby ein annan kvardag for dei mange hundre tusen gjenstandane som er henta fram frå arkeologiske utgravingar i Rogaland, og som i dag ligg to etasjar ned i det eldste bygget, i rom som ikkje tilfredsstiller dei krava ein har til klima og oppbevaring. Det nye tilbygget skal tilby toppmoderne vilkår for desse gjenstandane.

Stor takhøgd
Reguleringsplanen tillèt eit tilbygg i fire etasjar, men i framlegget har arkitektane kutta éin etasje og valt å late andreetasjen ha ekstra stor takhøgd. Dette gir rom for utstillingar og framsyning av gjenstandar som ikkje har vore mogleg tidlegare. Andre etasje skal òg romma eit nytt stort auditorium.
Ein terrasse og innskoten mesanin gjer tredjeetasjen til eit spennande rom for ulike former for arrangement.

– Fleksibiliteten er spennande med Strata-prosjektet. Dei tilsette på huset gler seg til møtet med arkitektane, for me har mange innspel til nye, gode løysingar, seier Nærøy. Draumen er å ta i bruk det nye bygget i 2015/2016.

Denne artikkelen er hentet fra Univers nr. 4


Tekst: Elisabeth Hovland
Foto: Tupelo Arkitektur AS/Narud Stokke Wiig
 

UiS logo