MENY

Bli kjent med Visteguten

Sundag 13. mai kan du bli kjent med Visteguten på Arkeologisk museum.

Sundag er aktivitetsdag og familiedag på Arkeologisk museum. Denne sundagen fortel vi litt om Visteguten og korleis han levde.

Og i den forhistoriske verkstaden kan born få vere med på å lage ein model av ein steinalderbustad.

Noregs mest komplette
Det 7 500 år gamle skjelettet av Visteguten vart funne i 1907. Det er det mest komplette steinalderskjelettet vi har, og det tredje eldste skjelettfunnet i Noreg i det heile.

I dag er den mørke hovudskallen og beina utstilte i ein glasmonter på Arkeologisk museum.

Visteguten vart berre 15 år, viser beinanalysane. Han raga knappe 1,25 meter over bakken. Han levde truleg med ei gruppe på 10–15 menneskjer. Dei åt fisk, mykje torsk, noko østers, muslingar, skarv, elg og villsvin.

Arkeologane har òg meint at steinalderguten kunne ha vore sjukleg, og at det var difor han døydde ung.

Rekonstruksjon
Det er masterstudent Jenny Barber, ved universitetet i Dundee i Skottland som har laga rekonstruksjonen. Ho har laga ein vitskapleg ansiktsrekonstruksjon som gjer det mogleg å få augekontakt med den kortvaksne og sterke Visteguten som levde i Svarthola utanfor Stavanger for 7 500 år sidan.

UiS logo