MENY

Bli med fotografen sjøl på omvisning!

Brynefotografen Styrk Lote gjev omvisning i si eiga utstilling 'Fragment av levde liv' sundag 4. oktober kl. 12.00, 13.00, 14.00.

'Fragment av levde liv' er ei fotoutstilling med ein serie bilete av brynefotografen Styrk Lote. Utstillinga viser korleis små utsnitt av livet rundt oss kan gje innsikt i meir komplekse samanhengar, akkurat slik tilsynelatande små gjenstandar frå fortida kan gje oss ny kunnskap om menneske før oss.

Bileta frå dagliglivet vårt blir i utstillinga kopla med arkeologiske fragment. Arkeologiske gjenstandar er kanskje små og unnselege. Som kjelder er dei likevel verdifulle ? dei gir kunnskap om menneske i forhistoria.

Arkeologisk museum 6. september - 18. oktober 2009
 


 

UiS logo