MENY

Familiedag på Arkeologisk museum

Sundag, 3. mars, byr vi på to spennande familietilbod. Kl. 12 kan du bli med på omvisinga Tidsreisa – ei vandring i forhistoria med innlagde aktiviteter, og kl. 13 kan du prøve vår tidsmaskin!

Med tilbodet Tidsreisa inviterer vi på ei reise frå steinalderen til middelalderen. «Reiseleiaren» fortel om nokre av høgdepunkta i Rogaland si forhistorie og det blir ulike aktiviteter. Du kan lage eld med eldstål, skjere i skinn med flintkniv, kjenne tyngda av hjelm og skjold, skrive runer og endå meir!

Korleis såg landet vårt ut då dei fyrste menneska kom hit? Kva slags dyr var det her? Under omvisinga får du vite meir om kvifor folk ville busette seg her.


Guten i Svarthola
Du vil også bli kjent med Visteguten og livet han levde i Svarthola i steinalderen.

Lyden av bronselurane bringar oss til bronsealderen. Høyr om bondekultur og soldyrking. Museumsformidlaren vil fortelje om vikingane sine lange ferder og om korleis dei bytehandla. Vår reise sluttar i middelalderen. Du får høyre om då landet blei kristna, om middelalderbyane og om korleis nye skikkar og lovar tredde i kraft.

Omvisinga Tidsreisa går kvar sundag kl. 12.


Tidsmaskinen
3. mars er tidsmaskinen open frå kl. 13. Gå inn, reis 10 000 år tilbake i tid – til ein steinalderbuplass. Her kan du ta del i dagleglivet, i skinnteltet finn du utstyr du kan prøve. Du kan dra på fisketur i stokkebåten, slipe steinreiskapar og lage eld på steinaldervis.


Nyt kaffi og påsmurt i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.
 

UiS logo