MENY

Folkevandring til Jarnaldergarden

Jarnaldergarden på Ullandhaug i Stavanger hadde publikumsrekord i 2009, med heile 20 150 menneske på gjesting. Husfrue Inger Horve gjer seg klar til ny og spennande sesong, med opning av garden søndag 23. mai.

- Kjempekjekt at så mange gjestar oss i løpet av den korte sesongen me faktisk har ope, seier husfrue Inger Horve. Publikumsrekorden skuldast delvis auka tilfart av cruisebåtar til Stavanger, men den vesentlegaste årsaka til auken skuldast at fleire frå nærmiljøet gjestar garden.
- Me startar kvar sesong med ein fest for naboane. Over tusen naboar blir invitert til festleg lag, med fri entré, kjekke aktivitetar og servering av lam laga i kokegrop, fortel Horve, som legg til at naboane i neste omgang tek med gjestar for å oppleve garden.

Jarnaldergarden er eit rekonstruert gardsanlegg frå folkevandringstida, cirka 350 - 550 e.Kr. Garden ligg på toppen av Ullandhaug som nærmaste nabo til Universitetet i Stavanger, med praktfull utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Garden er drifta som ein stiftelse underlagt Arkeologisk museum.

Mektig husfrue
Husfrue Inger møter oss i det eine av dei tre husa, kvar det er lunt og koseleg - dei to eldstadene varmar godt på ein kald vinterdag. Husfrua ber ei vakker raud drakt i ull, med eit sett nøklar i beltet.

- Nøklane av bronse hadde i folkevandrings- og vikingtida ein større symbolverdi enn praktisk verdi. Dei var ein del av brudeutstyret. Bryllaupet markerte ein overgang for kvinna, ho gjekk då inn i rolla som husfrue, seier Horve.

Kjeldene fortel at råderetten over nøklane var eit kriterium for rettsgyldig ekteskap. Mannen kunne rett og slett bli bøtelagd dersom han tok husfrua sine nøklar. Nøklane gav husfrua ansvar - for alt som kunne låsast i kister og skrin, og symboliserte slik den reelle makta til husfrua.

Som husfrue anno 2010 er nok rolla litt annleis. Horve er utdanna arkeolog og er driftansvarleg for Jernaldergarden, det vil blant anna seie at ho held styr på ti gardsvertar på sommarstid.
- Me ønskjer å ta gjestene 1500 år tilbake i tid og vise dei korleis ein storgard i folkevandringstida var organisert. Jarnaldergarden på Ullandhaug er, som den einaste i slaget sitt i Noreg, gjenreist på restane etter ein bondegard frå tida 350 - 550 e.Kr., og det gir ei merkeleg kjensle av samhøyr med tida vi forestillar, seier Horve.

Ny rekord?
Programmet for sesongen 2010 er no klart. - Me skal sjølvsagt invitere naboar også i år. 18. til 20. juni blir vi dessutan invaderte av vikingar frå fjern og nær. "Hafrsfjordsvikingenes kaupang" blir halden for andre år på rad på Jernaldergarden. I fjor var det 1500 gjester på marknaden, og i år satsar vi nok på enda fleire. For ikkje å gløyme cruiseturistane - det er i år melde 120 cruiseanløp, altså 20 fleire båtar enn i fjor, seier Horve, før ho legg til at det også vil bli daglege aktivitetar med bogeskyting, brødbaking, ullspinning, laging av jarnaldersnop - og nokså mykje meir.
 
Sesongopning!
Jarnaldergarden feirar som sedvanleg opningen av garden på ein skikkeleg måte med stevlokking, oppvisningskamp, forteljarstund og lam i kokegrop, søndag 23. mai.
Program er som følgjer:
Kl. 11.30 - Ann Kristin Sørvåg lokkar sesongen i gong
Kl. 12.30 - Oppvisningskamp med Hafrsfjordvikingene
Kl. 13.00 - Forteljarstund med Marianne Stenerud
Kl. 13. 45 - Smaksprøvar på lam i kokegrop

Program Jarnaldergarden 2010 


 

 

 

 

 

 

UiS logo