MENY

Foredrag om lokale utgravingar

20. mars er det arkeolog Even Bjørdal som held foredrag på Arkeologisk museum, om utgravingar på Austre Åmøy og Nedre Tasta i Stavanger og Hove i Sandnes.

Arkeolog Even Bjørdal sitt tysdagsforedrag har tittelen "Frå utgravingar på Austre Åmøy, Nedre Tasta og Hove i Sandnes"

Det har vore arkeologiske undersøkingar på tre nyleg oppdaga gardsanlegg frå eldre jernalder på Lunde, Austre Åmøy i Stavanger, i Kvernevikveien på Nedre Tasta, Stavanger og på Hove i Sandnes.

I foredraget blir dei viktigaste resultatene frå utgravingane presenterte.

På Nedre Tasta i Stavanger fant arkeologane mellomanna busetnadsspor frå gardanlegg frå førromersk jernalder til vikingtid, restar frå tilsaman 8 hus. Eit av langhusa er frå vikingtid, og har ei uvanleg form med sterkt bogne veggar.
Det vart også funnen 5 sikre og 2 moglege graver frå jernalder, truleg yngre jernalder. Ei av dei er ei båtgrav, truleg frå vikingtid.

På Lunde nordre, Austre Åmøy, fant arkeologane også busetnadsspor frå gardsanlegg frå folkevandringstid og romartid. Utgraving av tuft frå folkevandringstid med fleire bruksfasar og golvnivå.
Det vart også påvisning av mogleg gravrøys.

På Hove og Sørbø er det funnen busetnadsspor frå jernalder i eit område som har hatt store gravrøyser med rike funn. Utgravinga går over fleire sesongar, dette er er kort oppsummering av første sesong i 2011. Så langt er det påvist restar av om lag 15 langhus og ein mogleg, øydelagt gravrøys. Sesongen 2012 har så vidt starta opp, ein forventa reit stort antal busetnadsspor og truleg gravminner under dyrka mark i løpet av utgravinga i år.

Tysdagsforedraget startar kl 18.30 i auditoriet på Arkeologisk museum.
Gratis inngang.

UiS logo