MENY

Forskingsdagar med Grand Prix, teater og sirkus

Fredag startar Forskingsdagane 2010. Med fleire store show håper arrangørane i år å nå eit større publikum enn nokon sinne.

Eit Grand Prix der forskarar tevlar mot kvarandre, matematikkteater og en sirkusframsyning for barn er blant nyheitene i år. Koordinator Suvada Veledar ved UiS meiner at årets program er rikare enn nokon gong.

? Vi gjentek arrangement som har vore populære tidlegare, som , Barneuniversitetet og Forskar-standup. I tillegg har vi tre store, nye arrangement, nemleg Forskar-Grand Prix, og Mattematikkteater. Vi håper å nå ut til fleire menneske enn nokon gong, seier Veledar.

Vil nå dei unge
Forskingsdagane er ein nasjonal vitskapsfestival der publikum skal få ta del i forsking gjennom underhaldande arrangement. UiS har ansvaret for Stavanger-regionen.

Med 14 arrangement på åtte dagar trur koordinator Suvada Veledar at det skal vere noko for alle aldersgrupper. Dei yngste er kanskje den viktigaste målgruppa.

? Vi har tre førestillingar som er spesielt retta mot barn. Det er eit viktig mål å nå ut til den yngre garde, for å vekkje interessa for forsking og naturvitskap. Forskingstorga har også eit godt tilbod til barn, seier Veledar.

Grand Prix
I år vert Forskar-Grand Prix arrangert for første gang i Noreg. Arrangementet er ein konkurranse i å formidle komplisert forsking på ein forståelig og populær måte.

I alt ni doktorgradskandidatar frå Universitetet i Stavanger, International Research Institute of Stavanger, Nofima Norconserv AS og Stavanger universitetssjukehus deltar i konkurransen.

Alle vil gi eit foredrag på fire minutt om sitt forskingsprosjekt. Fire av dei går vidare til ein finale der dei gir ein ny presentasjon, denne gang på seks minutt. Saman med eit profesjonelt domarpanel vil publikum stemme fram den beste av deltakarane.

Showet går føre seg på Folken om kvelden torsdag 30. september.

Teater
Matematikkteater er også nytt av året. I denne barneframsyninga skal Abel den femte redde undulaten Pi, som har gøymt seg i eit tre. For å få dette til, treng han hjelp frå publikum til å løyse matematiske oppgåver.

Framsyningane fredag kveld og laurdag (24. og 25. september) er opne for alle. Arrangementet går føre seg på Universitetet i Stavanger.

Sirkus
Det blir også sirkus under Forskingsdagane. Forestillinga Cirkus Musicus, som er laga av universitetslektor Conrad Hagen ved UiS, gjorde stor lykke i sommar. No blir den sett opp igjen.

Framsyninga på Madlavoll skule måndag 27. september er open for alle.

Forskingsdagane, som går føre seg mellom 24. september og 2. oktober, har også ei rekkje andre arrangement. Det blir  føredrag, folkehelsekonferanse, forskingstorg og den populære Forskarstandupen på Sting Nere.

Sjå heile programmet her
 

UiS logo