MENY

Lær mer om bygdeborgene

Tysdagsforedraget 11. november er det arkeolog Niall Oma Armstrong som held. Overskrifta på foredraget er "Bygdeborger – eller kva skal vi kalle dei? Krigerske skandalar eller religiøse meditasjonar?»

Framleis er det mest vanleg å knyte bygdeborgene til krig og konflikt.
Men nyare forsking peiker mot andre moglege aktivitetar på berget. Foredragshaldaren vil sjå bygdeborgene i lys av andre liknande inngjerda berg i Europa, og syne at det kan vere kulturminne nær berga som set dei i eit anna lys.
Kan hende skal vi gje bygdeborgene eit nytt namn?

Foredraget er i auditoriet på Arkeologisk museum tysdag 11. november klokka 18.30.
Kafeen er open.