MENY

Mellom himmel og jord

Velkomen til «Mellom himmel og jord» i Stavanger Domkyrkje. Bli kjend med Domkyrkja på eint heilt ny måte. Gå på ei vandring med Arkeologisk museum sine ekspertar tirsdag 27. oktober kl. 19.30.

Bilde av Stavanger Domkirke. Stavanger Domkirke. Foto: Elisabeth Tønnessen

Mange har besøkt Domkyrkja under ulike arrangement, og kjenner den slik den står fram i dag.

Forskarar og ekspertar frå fleire fagområdar ved Arkeologisk museum har gjennom åra arbeidd i Stavanger Domkyrkje, og samla kunnskap som vi vil dele i dialog med dykk. Under dette arrangementet vil vi presentere historier om domkyrkja og menneska under og omkring som er ukjente for dei fleste, men som finst under golv, i tak, veggar og utsmykking.

Bli med på ein rundtur mellom himmel og jord-gjennom tida frå før domkyrkja var reist og fram mot dagens kyrkjebygg.

Arkeologisk museums ekspertpanel er Dr. Paula Utigard Sandvik, paleoøkolog og forskar. Ho har arbeidd med skjeletta under domkyrkja siden 2004. Eli Christine Soltvedt er botanikar og forskar, og har jobba med plantemateriale både frå mellomalderen og forhistoria. Dr. Hege Hollund er materialkonservator og forskar og har spesialisert seg på konservering og analyser av arkeologisk skjelettmateriale. Dr. Sean Dexter Denham er osteoarkeolog og ekspert på både menneske og dyre- skjeletter. Anne Ytterdal er malerikonservator, og har i meir enn 30 år behandla inventar og kyrkjekunst i dei fleste kyrkjer i Rogaland og også kyrkjer frå andre landsdelar. Ann Meeks er steinkonservator og har jobba med domkyrkja over fleire periodar.