MENY

Namn på liv og død

Namn langs kysten var ofte laga for å åtvare om farleg farvatn. Med ei ny bok får vi no kjennskap til 3000 namn langs jærkysten.

  • /Nyhetsbilder/Illustrasjonsfoto/Hesten_Jærstrendene_Særheim.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Fleire husdyr på garden har fått skjer og holmar oppkalla etter seg. Her er Hesten. (Foto: Inge Særheim)
  • /Arkeologisk museum/2015/Store bilder til ny nettsider/Inge Særheim Stavanger Aftenblad Foto Pål Christensen.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Namneforskar Inge Særheim har samla stadnam langs Jærkysten sidan 1970-talet. No er namna samla mellom to permar. (Foto: Pål Christensen, Stavanger Aftenblad)
  • /Nyhetsbilder/Illustrasjonsfoto/Skjeret-Kjerringa-på-Hode-i-Klepp_Jærstrendene_Særheim.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Her er skjeret Kjerringå på Hodne i Klepp. Namnet Kjerringa er ofte nytta om skjer i sjøen som er store og breie, og som ligg ulagleg til i leia. (Foto: Inge Særheim)
  • /Nyhetsbilder/Illustrasjonsfoto/Skjeret-Skjevlingen-(Sirevåg)_Jærstrendene_Særheim.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Skjeret Skjevlingen ved Sirevåg. Namnet tyder «den som lagar skavl ved brot.» (Foto: Inge Særheim)
  • /Nyhetsbilder/Illustrasjonsfoto/Risbitskjeret-nord-for-Tananger_Jærstrendene_Særheim.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Føreleddet i namnet Risbitskjeret tyder årsgammal bukk eller ver. (Foto: Inge Særheim)

Midt på 70-tallet fann ein Renault 6 ofte vegen nedover langs jærkysten. I den sat student Inge Særheim; magen full av kaffi. Han gjesta den eine bestestova etter den andre for å samle inn stadnamn til hovudoppgåva si. Språkstudenten tala med bønder og fiskarar på gardar frå Tungenes i nord til Sirevåg i sør – om lag 60 til saman. Talet på kaffikoppar er meir uvisst. 

– Stadnamna er viktige kulturminne og kulturhistoriske kjelder som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestillingar i tidlegare tider, og – ikkje minst – om språket vårt, fortel Inge Særheim, som no er professor ved Universitetet i Stavanger.

– Det har vore viktig for båtførarane å kjenne til naturen. Kysten var ein farleg arbeidsplass og mange av namna er laga som reine åtvaringar, fortel Særheim som nyleg har gjeve ut boka Jærstrendene – namn og stader på AM forlag, om lag 40 år etter at mange av namna vart innsamla. Dette er ei praktbok i stort format med ca. 120 fargefoto og 40 kart der over 3000 namn frå jærkysten er avmerkte.

Namn som åtvarar
Jamført med stadnamn inne på land manglar namna på sjøen oftare ord for terrengtype. I staden har dei ein tendens til å skildre ein eigenskap ved staden som det er viktig for båtførarar å kjenne til, ofte for å åtvare om farlege situasjonar under fiske og ferdsel.

– Dette kan dreie seg om metaforisk namngjeving, til dømes Kniven som fortel om ei farleg grunne eller Kvednå (kverna) som er eit skjer der sjøen mel og gneg jamt. Galten er også eit slikt ord, brukt om ein flat og avrunda stein i sjøen, forklarer Særheim.

– Ein viktig grunn til at den individuelle karakteren – eigenarten – til lokalitetane trer så sterkt fram for skjer- og grunnenamna, er den svært utsette arbeidssituasjonen for namngjevaren, det vil seie båtførarar og fiskarar. Det har vore viktig for dei å kjenna dei ulike særdraga til lokalitetane for å sikra trygg ferdsel. I visse situasjonar kan det vera eit spørsmål om liv eller død, fortel språkforskaren.

Namneforskaren viser til at mange namn er laga til verb og gjev uttrykk for ei handling som båtførarar bør vera merksame på, til dømes Sprette, Springaren og Stikkaren – alle desse er farlege skjer langs jærkysten og namna skildrar bølgjerørsler og siktar til særs bråe og farlege rørsler.

– Steinen Springaren som ligg sør for Sirevåg er av fiskarar omtala som «svært kvikk», eit skjer som bryt utan førevarsel. Slike stader bør ein halda god avstand til. Grunnar og skjer med slike namn kan bryte utan nærare varsel. Nokre av dei trekkjer båtane inn til seg når dei bryt, forklarer Særheim.

– Før hadde dei ikkje sjøkart. Slike namn er viktige orienteringspunkt på sjøen; dei minner om farlege krefter i naturen, og namna medverkar slik til trygg ferdsel forbi utsette stader i sjøen, forklarer Særheim.

Lydmalande ord og dyrenamn
Særheim har samla inn namn som siktar til den høge og skarpe lyden av bølgjer som slår mot eit skjer eller ein holme eller eit berg i strandkanten. Smedlen, Smedlane, Skyttaren, Skyttarane, Skrabene,Slarkå og Skodaholå er døme på slike namn.

– At nokre namn har bakgrunn i karakteristisk lyd av bølgjerøslene, har truleg samanheng med at båtførarar skulle kjenne att lydane. Slik hjelpte namna til når ein skulle navigere i mørkret.

Også bruken av ord for husdyr, som i dei biletlege skjernamna Galten, Suggå og Porthunden, kan ha samband med lydinntrykket.

Ja, fleire namn på skjer og grunnar inneheld ord for dyr på garden. Namnet Galten finn ein fire stader på Nord-Jæren nytta om skjer og grunnar. Vidare finn ein også til dømes Hesten, Oksafoden, Grisaryggen og Fleskaryggen.

– Ein finn ord for levande vesen, dyr som er uføreseielege; ein kan ikkje vite korleis dei vil oppføre seg når ein møter dei. Så i slike namn kan det òg liggje ei åtvaring til båtførar om å vere på vakt og halde god avstand. Desse namna er knytt særlig til skjer og grunnar som ligg utsett til i båtleia. Dei vitnar om at her står ein overfor noko dynamisk.

Mannsdominans
Langs jærkysten finn ein òg stadnamn som viser til kroppsdelar, inkludert namn på kvinnelege og mannlege kjønnsorgan. Det kan kanskje ha samband med at fiskarane, fangstfolka og båtførarane stort sett har vore menn.

– Den sensurinstansen som eit tvikjønna miljø – både kvinner og menn – ville ha representert, har mangla, seier Inge Særheim når han skal forklare ein viss mannsdominans som kan lesast ut av somme namn langs kysten.

At det stort sett berre er menn som har gjeve namn på lokalitetane, er nokså spesielt for kysten.

– Ein finn generelt mykje mannsdominans når det gjeld namngjeving, men kvinner har jobba på garden og på sætra, så her har namngjevinga skjedd i eit miljø med begge kjønn. Sjøen har derimot stort sett vore ein mannleg arbeidsplass. Ved Rott – den største øya i Sola kommune – finn vi eksempla Kunteskjeret og Kuntegrunnen.

Kunte er eit ord for det kvinnelege kjønnsorganet, svarande til det engelske ordet cunt. Det er ikkje uvanleg å gje namn etter kroppsdelar, fortel Særheim og viser til eksempla: Hausen, Skallen, Skolten, Kjeften, Tunge, Halsen, Ryggen, Rumpå og Rauå – alle namn på stader langs jærkysten.

Utanfor Jåsund er det eit skjer med to toppar. Dei ber namnet Eistene, som tyder testikkel (pung). På Kvitsøy har ein grunnenamna Eisten og Kuntå, og på Sjernarøyane finn ein eit nes som heiter Eistå og eit nes og ei grunne som heter Kunte, fortel språkforskaren.

Slangnamn
Slangnamn er eit særdrag for skjergardsnamna, ifølgje Særheim. I somme høve er namn som inneheld ord for kjønnsorgan, nytta som en slangvariant som fiskarane brukte, ved sida av eit anna meir kjønnsnøytralt namn.

Eit godt døme på det er at skjeret Eistene vart kalla Eidskjeret av bonden på næraste gard. Skjeret hadde altså eit noko penare namn sett frå land.

– Fiskarane har vel følt seg frie i eit miljø utan representantar for kvinnekjønnet, og dei har truleg gitt uttrykk for det som har rørt seg i tankane, seier Særheim.

Passa seg for Kjerringå
Haldningar til kjønn og kjønnsroller synest òg koma til uttrykk når det gjeld bruken av ordet kjerring i skjergardsnamna. Ein finn namnet Kjerringå fleire stader langs jærkysten, både på Hårr, Hodne, Vistvik og nord for Grynningen.

– Namnet Kjerringa er ofte nytta om skjer i sjøen som er store og breie, og som ligg ulagleg til i leia. Eit godt døme på det er skjernamnet Kjerringå – Stora og Litla Kjerringå – ved øya Eime på Kvitsøy.  

Særheim viser til at Kjerringa er eit vanleg namn på skjer i heile Norden. I sørvestnorske skjergardsnamn med namnet kjerring kan biletbruken i nokre høve ha bakgrunn i forma, men somme namn synest særleg sikta til andre eigenskapar, blant anna at det er tale om farlege stader i sjøen, gjerne i båtleia.

– Båen Kjerringå, som ligg midt i innseglinga til Honnsstø, er eit godt døme. Her heiter det at ein skal «passa seg for Kjerringå.»

– Vi kan godt seie at dette namnet har negative konnotasjonar. Eit anna døme er skjernamnet Tjulakjerringå frå Sjernarøyane. Det er eit skjer som ligg ulagleg til: «Ho gjer sundet heller smalt.»

Namna går tapt
Særheim peikar på at mange av namna i den jærske skjergarden er lite kjende og nytta i dag.

– På grunn av store endringar i primærnæringar og langt mindre fiske ut frå eigen gard er desse namna lite i bruk. Dette er namn som viser til munnleg bruk og få av dei står på dagens sjøkart. Mange namn på fiskeplassar går difor tapt, forklarer Særheim.

Også fiskeméda, dei landemerka som ein kan dra ei siktelinje mellom for å navigere, mistar sin funksjon med moderne utstyr som GPS.

– Fiskarane tek ikkje lenger i bruk såkalla méd. Såleis forsvinn dei gamle namna, legg Særheim til.

Munnlege kjelder
Særheim byggjer på munnlege kjelder; dei fleste namna er ikkje skrivne ned tidlegare. Dei høyrer til ein munnleg kultur; ein har lært namna frå sine foreldre og besteforeldre.

– Det var veldig triveleg å drøsa med folk på gardane langs sjøen. Fiskarbøndene hadde mange historier på hjartet og dei kom ofte inn på andre emne og historier, mimrar Særheim.

No er dei fleste heimelsfolka borte. Men namna frå dette vakre og spennande landskapet er no tilgjengeleg for alle i boka «Jærstrendene – namn og stader», gjeve ut på AM-forlag no nyleg.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Inge Særheim og Pål Christensen

UiS logo
Bokomslag