MENY

Omvisingar i vikingtidsutstilling

I sumar får du mange moglegheiter til å bli med på ei omvising i vår vikingtidsutstilling. Kl. 11, 12 (eng.) og 13 kvar dag unntatt laurdagar kan du bli med på ein guida tur i «Utferd – mot vest i vikingtid».

Utstillinga fortel spennande historier om reiser til Dei britiske øyer, særleg Irland. Du kan sjå smykke frå gravene til seks kvinner frå Rogaland. I utstillinga kan du mellom anna sjå forskjellige dekorerte beslag frå Irland.  Nokre av dei kan vere resultat av handel eller vere gåver, men mange har sannsynlegvis blitt røva.

Beslag til og deler av kyrkjelege gjenstandar som relikvieskrin, heilage bøker og nattverdskalkar blei hogd opp her heime. Så vart dei laga om til spenner til å pynte seg med. Det er mange slike gjenstandar i Rogaland og dei er frå same tid som dei fyrste åtaka på Irland. Det tyder på at desse åtaka kom herifrå, frå Sørvest-Noreg.


Leik og idrett i museumshagen
Frå 11 til 15 kvar dag unntatt laurdagar er det spennande aktiviteter for born i museumshagen.  Samtidig er vår tidsmaskin open. Vi har aktivitetsløype for born.

Opningstider: mandag-fredag 10-16, laurdag-søndag 11-16.