MENY

Pil og boge-skyting på Jernaldergarden

Er du stø på handa? Ein populær aktivitet på Jernaldergarden er å skyte med pil og boge.

Pil og boge blir sett på som ei av dei viktigaste oppfinningane i historia. Den er enkel, stille og daudbringande.

I ei flatmarksgrav utafor Jernaldergarden er det funne fleire pilspissar. Arkeologar trur folk i yngre jernalder har jakta på mellom anna elg, rådyr, hjort og bjørn.

I Rogaland er det faktisk funnen kam laga av reinsdyrgevir frå folkevandringstid. Arkeologar antar at folk drog opp på viddene for å jakte på reinsdyr. Bogen på garden er ein kopi av ein jernalderboge.

Greier du å treffe blink? Du kan prøve deg med pil og boge kvar dag vi har opent. Dersom det ikkje blir arrangert pil og boge-skyting når du vitjar oss, kan du spørje ein vert om å demonstrere.

Andre aktivitetar du kan prøve deg på er å lage mel med dreiekvern, bake hellebrød, lage eld på jernaldervis, tautrekking, hesteskokasting og å spinne tråd.

Det er faste omvisingar kl. 12, 13 (engelsk) og 14. Velkommen!

Opent: Kvar sundag fram til 29. september kl. 11-16.

UiS logo