MENY

Siste helg med 'Fragmenter av levde liv'

'Fragment av levde liv' er ei fotoutstilling med ein serie bilete av brynefotografen Styrk Lote. Utstillinga blir vist siste dag sundag 18. oktober på Arkeologisk museum.

Fotoutstillinga "Fragment av levde liv" viser korleis små utsnitt av livet rundt oss kan gi innsikt i meir komplekse samanhengar, akkurat slik tilsynelatande små gjenstandar frå fortida kan gi oss ny kunnskap om menneske før oss.
Naturen er den store inspirasjonskjelda til Styrk Lote, men tema som grafitti og søppel er også sentrale i motiva hans. Bileta frå dagliglivet vårt blir i utstillinga kopla med arkeologiske fragment. Arkeologiske gjenstandar er kanskje små og unnselege. Som kjelder er dei likevel verdifulle ? dei gir kunnskap om menneske i forhistoria.

Arkeologikurset 18.oktober er dessverre avlyst. Aktivitetsromma for barn er opent, og det bler skattejakt, film og mikroskop-aktivitetar i utstillingane.

UiS logo