MENY

Spennande familietilbod på Arkeologisk museum

Sundag, 2. juni, kan du bli med på omvisinga Tidsreisa kl. 12, og kl. 13 kan du prøve vår tidsmaskin! Frå laurdag av er det sumartid på museet og vi har opent kvar dag.

Med omvisinga Tidsreisa inviterer vi på ei ferd frå steinalderen til middelalderen. «Reiseleiaren» tar deg med gjennom historia. Du får sjå ein 10 000 år gamal isbjørn og blir kjend med Visteguten, som levde i Svarthola for omkring 7500 år sidan.

Underveis i omvisinga får du prøve deg på ulike aktiviteter, som å skjære i skinn med flintflekker eller lage eld med eldstål.

Tidsreisa går kvar sundag kl. 12.


Tidsmaskinen
Sundag 2. juni frå kl. 13 kan du prøve vår tidsmaskin. I tidsmaskinen blir du tatt med på ei rask reise frå notida gjennom middelalderen, vikingtida og bronsealderen – heilt til du til slutt er i steinalderen og kan spasere ut og ta del i dagleglivet på buplassen.

I skinnteltet finn du utstyr du kan prøve, du kan dra på fisketur i stokkebåten, slipe steinreiskapar og lage eld på steinaldervis.


Utferd og Jernaldergarden
Sist helg opna vikingtidsutstillinga Utferd. Den fortel om rebelske krigarar og om liva til seks kvinner frå Rogaland.

Rullande dønningar og gråblått hav dannar ei levande ramme, og opplevinga blir forsterka av lyden av sjø, vind og knakande skip.

Jernaldergarden har opna for sumaren. Den er godt vitja og i dag, 30. mai, er heile 16 turistbussar innom. På garden kan du få eit innblikk i korleis det var å leve i jernalderen, og du kan bli med på aktiviteter som å lage mel eller skyte med pil og bue.

Er du interessert i ei fagleg introduksjon til garden, får du det på dei faste omvisingane kl. 12, 13 (engelsk) og 14.


Billettene fra Jernaldergarden gjelder også for Arkeologisk museum innen 48 timer og motsatt.


Frå 1. juni har Arkeologisk museum sumaropent.

Opningstider på museet 1. juni-31. august: måndag-fredag 10-16, laurdag-sundag 11-16.
Opningstider fram til 1. juni: tysdag 11–20, onsdag – laurdag 11–15, sundag 11–16, måndag stengt.