MENY

Språkprofessor med sans for runer

- Runeinnskrifter er spennande, seier språkforskar Inge Særheim. På søndag held han omvisning i utstillinga ”Runer. Frå graffiti til gravskrift” på Arkeologisk museum, og lover å fortelje om mange lokale runefunn i Rogaland.

Særheim har saman med språkforskar Merja Stenroos medverka i rune-utstillinga på museet. Begge er tilknytt Institutt for kultur og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.  De har tilrettelagt utstillinga med material frå Rogaland, deriblant i småtrykket ?Ryger ristar runer?, som fortel om lokale runesteinar. Særheim sin stemme kan også kjennast igjen i rune-lyddusjen, kvar han har lese inn to runeinnskrifter frå jarnalderen og vikingtida.

- Runer er eit viktig skriftsystem som går langt tilbake i tid og blei brukt nesten i 900 år før det latinske alfabetet kom til landet, fortel Inge Særheim.

Ryger ristar runer
På søndag vil Særheim ta utgangspunkt i småtrykket ?Ryger ristar runer? som fortel om runa si historie i Rogaland frå tidleg på 300-talla e.Kr. og fram til mellomalderen. Språkforskaren har her samla kjende runeinnskrifter funne på steinar, myntar, kross, trepinnar og meire til.

? Rogaland er eit kjerneområde for runer, både når det gjeld dei eldste innskriftene og til og med vikingtid og tidleg mellomalder. Det har vore interessant å samle runer regionalt, vanlegvis arbeider ein mest nasjonalt og internasjonalt, seier Særheim.

Språkforskaren, som også arbeider med stadnamn og dialektar, er fasinert av runer.

? Runeinnskriftene har eit veldig direkte preg, tekstane taler til oss. Runesteinar kan blant anna vere laga til minne over personar som er døde, med personlege nedskrivingar, seier Særheim.

Lokale runer
Særheim fortel meir enn gjerne om dei lokale runeinnskriftene som blir viste i utstillinga.

 ?  Frå Jæren visar utstillinga blant anna runesteinen frå Sele på Klepp, som fortel om rett til laksefiske i Figgjoelva. Innskrifta er datert til cirka 1000-talet, og låg i si tid som klopp over ein bekk.  Vettaland-steinen frå Hå på Bryne er skriven med eldre runer, og datert til cirka 350 e. Kr. Runeinnskrifta fortel om at sonen er blitt heimsøkt av flagd, det vil seie troll eller vette, seier Særheim og fortset: 

? Frå Mariakirken i Stavanger viser utstillinga ein lang runestein på over to meter, med innskrifta "Kjetil reiste denne steinen etter Jorunn, kona si, dotter til Utyrme", datert til tidleg på 1000-talet.

Det er ikkje tvil om at språkforskaren gleder seg til å fortelje meir om runesteinar fyrstkomande søndag - på Arkeologisk museum frå klokka tolv til to.

 

UiS logo