MENY

Sumaraktivitetar på Arkeologisk museum

I sumar går det omvisingar i vikingtidsutstillinga Utferd kl. 11.00, 12.00 (eng) og 13.00. Borna kan vere med på leik og idrett i museumshagen.

Sumarprogrammet varer frå 17. juni til 18. august. Det gjeld alle dagar unntatt laurdag.

I vikingtidsutstillinga Utferd rettar Arkeologisk museum merksemd mot menneskja i Rogaland si kontakt med og reiser til Dei britiske øyer, særleg Irland. Dei fyrste åtaka på Irland ser ut til å ha komen herifrå, frå Sørvest-Noreg.

200613-06
Torsdag 20. juni vitja 100 born frå Malmheim skule Arkeologisk museum.


Leik og idrett i museumshagen
Mellom kl. 11.00 og 15.00 er det aktivitetar for born i museumshagen. Dersom du vil gå til sverdkamp, heng sverda klar.

Kor langt greier du å hoppe baklengs? I sverdkamp er det viktig å kunne trekkje seg raskt tilbake frå motstandaren. Derfor trente vikingane på baklengshopp. Du kan også prøve å skyte med miniarmbrøst. Armbrøst har blitt brukt både som våpen i krig og til jakt. I Noreg blei armbrøst tatt i bruk på 1100-talet og var i bruk til langt ut på 1700-talet.

Vår tidsmaskin er open frå kl. 11.00. til 15.00. Den bringer deg til steinalderen.


Vitj fleire museum
Arkeologisk museum, Norsk Oljemuseum og Museum Stavanger (MUST) har for fyrste gong inngått eit billettsamarbeid.

Dersom du har vore på eit museum, får du halv pris hos neste museum ved besøk innan 48 timer. Billettsamarbeidet gjeld fram til 31. august.

Opningstider: mandag-fredag 10.00-16.00, laurdag-søndag 11.00-16.00.
 

UiS logo