MENY

Tidsreisa

Sundagar kl. 12 inviterer vi på familietilbodet Tidsreisa – ei omvising om Rogaland frå steinalderen til middelalderen!

«Reiseleiaren» tek deg med gjennom historia, og du får sjå alt frå 1500 år gamalt smør, til bronselurar funne på Revheim, til det mest komplette steinalderskjelettet i Noreg.

Underveis i omvisinga får du prøve deg på ulike aktivitetar, som å skjære i skinn med flintflekker, lage eld med eldstål og skrive runer.

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.
 

UiS logo