MENY

Tidsreisa

Sundagar kl. 12 kan du bli med på omvisinga Tidsreisa – ei reise frå steinalderen til middelalderen. Vitj også vår nye vikingtidsutstilling Utferd!

Med omvisinga Tidsreisa inviterer vi på ei ferd frå steinalder til middelalder! «Reiseleiaren» fortel om Rogaland si forhistorie. Sjå Visteguten frå Randaberg, høyr lyden av bronselurane frå Revheim og sjå ein 10 000 år gamal isbjørn, funnen på Finnøy.

Underveis i omvisinga får du prøve deg på ulike aktiviteter, som å skjære i skinn med flintflekker eller lage eld med eldstål.

Utferd
Nyleg opna vikingtidsutstillinga Utferd på museet. Den er ei oppleving for auge, øyrar og sinn. Lyden av sjø, vind og knakande skip set deg i den rette stemninga. Du blir kjend med kvinnene Gudrun, Svåva, Svankvit, Herborg, Sigerlin og Niamh og liva dei levde.

I utstillinga møter du rebelske krigarar på tokt. Måla med ferdene var fleire. Mange var ute etter edle metall og slavar dei kunne røve med seg. I vikingtida vart krigarane heroisert og det kan ha gitt dei motivasjon til å gå i strid.

Opningstider: måndag-fredag 10-16, laurdag-sundag 11-16. Kafé og gåvebutikk.

To museum i éin billett!
Billettar til Arkeologisk museum kan også nyttast på Jernaldergarden innan 48 timer og omvendt.

UiS logo