MENY

Tidsreisa og omvising i vikingtidsutstilling

Sundag 6. oktober kl. 12 kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa. Kl. 14 blir det omvising i vår vikingtidsutstilling Utferd.

vikingdamer-standard-350-we
Utstillinga Utferd fortel om liva til seks vikingtidskvinner.

I omvisinga Tidsreisa blir du tatt med på ei reise frå steinalder til middelalder. Du får prøve deg på forskjellige aktiviteter, som å skjære i skinn med flintflekker eller lage eld med eldstål. Sjå ein 10 000 år gamal isbjørn. Kven var eigentleg guten i Svarthola?

Underveis i omvisinga får du høyre lyden av bronselurar, sjå vakre smykke og farlege våpen og høyre om vikingane sine reiser og runer.

Omvising i vikingtidsutstilling
I utstillinga blir du ikkje berre kjend med rebelske krigarar, men også med liva til seks kvinner frå Rogaland: Gudrun, Svåva, Svankvit, Herborg, Sigerlin og Niamh. Ei husfrue med synske evner, ei velkledd dame frå ein rik familie og ei kvinne med eit smykke som ber på ei brutal historie.

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.

Opent: tysdag 11–20, onsdag – laurdag 11–15, sundag 11–16, mandag stengt.

UiS logo