MENY

Tidsreise og viktingtidas kvinner

Sundag 30. mars kl. 12 kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa, og kl. 14 blir det omvising i Arkeologisk museum si vikingtidsutstilling.

Sundag 19. januar byr vi på to spennande tilbod. Kl. 12 kan du bli med på omvisinga Tidsreisa – ei vandring i forhistoria med aktiviteter, og kl. 14 har vi omvisning i utstillinga "Utferd. Mot vest i vikingtid."

I omvisinga Tidsreisa tek reiseleiaren deg med frå steinalder til middelalder. Du får sjå alt frå 1500 år gamalt smør, til bronselurar funne på Revheim, til det mest komplette steinalderskjelettet i Noreg.

Underveis i omvisinga får du prøve deg på ulike aktivitetar, som å skjære i skinn med flintflekker, lage eld med eldstål og skrive runer.

Omvising i vikingtidsutstilling

I utstillinga blir du ikkje berre kjend med rebelske krigarar, men også med liva til seks kvinner frå Rogaland: Gudrun, Svåva, Svankvit, Herborg, Sigerlin og Niamh.

Ei husfrue med synske evner, ei velkledd dame frå ein rik familie og ei kvinne med eit smykke som ber på ei brutal historie.

I Herborg si grav er det både funnen damespenne og våpen. Det eksisterer historier om kvinner som slost og drog på vikingtokter. Var Herborg ei av disse?

Sigerlin hadde ei perle av sort rav, som vart oppfatta som magisk. Funna i Niamh si grav kan tyde på at ho hadde utanlandsk opphav.

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. Gåvebutikken er open med flotte gåver og god, eksklusiv sjokolade til salgs.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.

UiS logo