MENY

Uroar seg for manglande byggestart

UiS meiner det er på høg tid at staten gjev midlar til bygging av det lenge planlagde formidlingsbygget til Arkeologisk museum ved UiS.

Illustrasjon av nytt formidlingsbygg ved Arkeologisk museum. Forslag til nytt formidlingsbygg ved Arkeologisk museum. Illustrasjon ved Narud Stokke Wiig AS

I 2008 ga Kunnskapsdepartementet Statsbygg i oppdrag å planleggje for eit nytt formidlingsbygg for Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Sidan har staten brukt 20 millionar kronar på førebuing av byggeprosjektet. Bygget er ferdig teikna og prosjektert, og UiS har brukt minst fem millionar kroner til å følgje opp dette.

No er UiS bekymra for at startløyvinga til tilbygget fortsatt lar vente på seg. I eit brev til Kunnskapsdepartementet uttrykker rektor Marit Boyesen og universitetsdirektør Ole Ringdal stor uro over at startløyving til nytt formidlingsbygg ved Arkeologisk museum heller ikkje inngår i statsbudsjettet for 2018.

– Vi ber departementet om å prioritere ei startløyving til det sårt tiltrengte formidlingsbygget i revidert budsjett for 2018. Om det ikkje lar seg gjere, ber vi om at det blir prioritert i statsbudsjettet for 2019, seier Ringdal.

Dei ønskjer også eit møte om saka.

Treng å sikre fornminne

Arkeologisk museum held til i eit gamalt meieri som ikkje er bygd til museums-føremål. Verken når det gjeld plass eller sikring er lokala eigna. Museet har samanlikna med dei andre fire arkeologiske musea i Noreg, betydeleg mindre utstillingsareal.

No trengs det eit formidlingsbygg som gjer det mogleg for museet å vise fram dei over ein million gjenstandane inkludert Norges viktigaste samling av fornminne frå vikingtida.

Museet treng også ei nødvendig ombygging av eksisterande byggingsmasse og ein ekstra underetasje med magasin til oppbevaring av Rogalands skattkiste, spora frå ei meir enn 10.000 år lang historie.

Gigantprosjekt hemmar

Leiinga ved Arkeologisk museum og UiS er urolege for at pengebruken ved dei gamle universiteta skal gjere at behova i Stavanger blir gløymde. 

Regjeringa er framover forplikta til store byggeprosjekt i universitetssektoren til om lag 30 milliardar kroner. Det gjeld til dømes samling av NTNUs bygningar i Trondheim på ein campus, samlinga av veterinærutdanningane ved NMBU på Ås og eit nytt livsvitenskapsbygg ved UiO, Oslo Life Science City, som er det byggeprosjektet som blir prioritert i 2018.

– Samanlikna med desse gigantiske milliard-prosjekta i sektoren er den totale kostnadsramma for nybygget til Arkeologisk museum låg. Vi ber om 15 millionar kroner til byggestart. Det er småpengar sett i samanheng, påpeiker universitetsdirektøren.

Han er redd gigantiske byggeprosjekt i andre regionar kan blokkere for utviklinga på UiS.  

Ikkje ei krone til nye bygg sidan 2006

– Universitetet i Stavanger har hatt ein formidabel vekst med 57 prosent auking i studenttalet og 81 prosent auking av tilsette sidan oppnådd universitetsstatus i 2005. Men UiS har ikkje fått noko pengar til nybygg innanfor husleigeordninga sidan Arne Rettedals hus stod ferdig i 2006, held Ringdal fram.

Han legg ikkje skjul på kor urimeleg han synes dette er – og kor etterlengta eit klarsignal frå oppdragsgivaren er.

– Kunnskapsdepartementet må kunne sjå heile bilete og sørgje for at regjering og Storting gjev midlar til nye bygg innafor husleigeordninga også til Universitetet i Stavanger, ikkje berre dei gamle universiteta, seier Ringdal.

UiS har i tre år på rad sett AM-prosjektet øvst på lista over byggeplanane sine, som sendes til Kunnskapsdepartementet kvart år.

Fleire bygg står sjølvsagt også på lista, bygg som er nødvendige for at UiS skal kunne gjere jobben sin skikkeleg når det gjeld omstilling og vekst i regionen.

– Vi treng at AM-bygget blir realisert før vi kan realisere nye, store og viktige byggeprosjekt, påpeiker universitetsdirektøren.

Statssekretær Bjørn Haugstad har i anledning denne saka i ein e-post til NRK skrive:

«Det er mange viktige byggeprosjekter som venter på å bli realisert ... For 2018 er det kun Universitetet i Oslo og deres nye bygg for livsvitenskap som blir prioritert til å få startbevilgning, fordi det gir tung faglig satsing på biovitenskap. Vi er kjent med behovet til Arkeologisk museum ved UiS, men dette må vi vurdere i budsjettene fremover.»

Tekst: Karen Anne Okstad

Les også:
Ikke AM-bygg til UiS
Nybygg ved Arkeologisk museum

Les også NRK sin sak:
Staten har brukt 20 millioner på museumsbygg som fortsatt ligger i skuffen

Universitetsdirektør Ole Ringdal

Universitetsdirektør Ole Ringdal.