Forside» Museet» Organisasjon
Museumsbygget

Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger


Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er eit statleg museum som arbeider med historia til Rogaland frå dei første menneska kom hit og fram til slutten av mellomalderen.

Gjennom utstillingar, publikasjonar, foredrag, ekskursjonar og ulike aktivitetar vil vi gi folk kunnskapar om fortida og om samspelet mellom menneske og natur. Det er og viktig for oss å legge til rette for refleksjon omkring forholdet til fortida.

Arkeologisk museum ynskjer å vera ein ressurs for folk i Rogaland. I strevet med å forstå både oss sjølve og samfunnet vi lever i. Og ein ressurs i arbeidet med å planlegge for framtida. Vi vil og at AmS skal vera ein møteplass, både mellom kultur i fortid og nåtid og mellom folk frå ulike kulturar i dag.

På Arkeologisk museum arbeider det mange slags fagfolk. Her er mange arkeologar, men også etnolog og historikar, botanikarar, kvartærgeolog, meteorolog, teknikarar, formgjevarar, pedagogar, økonomar og administratorar. Museet er ein tverrfagleg institusjon som prøver å finne ut meir om fortida gjennom forsking ut frå ulike faglege tilnærmingar.

I sommarhalvåret driv museet med ei rekke utgravingar i Rogaland. Slike utgravingar kjem som regel i gang fordi det skal byggast på område der det finst kulturminne. Kulturminne som er eldre enn frå før reformasjonen (1536) er automatisk freda, men fredinga kan opphevast dersom det ligg føre særleg sterke samfunssmessige grunnar til det. Før bygginga kan starta må slike område granskast av fagfolk. Det er utbyggaren som må betale for slike utgravingar, akkurat som folk i andre samanhengar må betale for skade dei gjer på miljøet.

Jernaldergarden på Ullandhaug er ein del av Arkeologisk museum. Som den einaste i sitt slag i Noreg, er den gjenreist på restane etter ein bondegard frå folkevandringstida (ca. 350 - 550 e.Kr.). Garden ligg på toppen av Ullandhaug med utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Å vitje garden gir eit innblikk i og ei kjensle av korleis det var å leve for 1500 år sidan.

Du er hjarteleg velkomen til å besøke Arkeologisk museum og Jernaldergarden. Vi har eit hyggeleg vertskap som tar imot publikum.




Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (11.03.2013)

Skriv ut artikkel print
Åpningstider

ARKEOLOGISK MUSEUM:

1. september – 31. mai

tirsdag 11.00–20.00,
onsdag – lørdag 11.00–15.00,
søndag 11.00–16.00,
mandag stengt.  

 
1. juni – 31. august

mandag – fredag 10.00–16.00,
lørdag – søndag  11.00–16.00


Billettpriser

Voksne  kr 50
Barn/honnør/student  kr 20
Familiebillett  kr 100
Student/ansatt UiS  Fri entré


JERNALDERGARDEN:
Hver søndag fra 26. mai til 29. september kl. 11.00–16.00

Hver dag fra 17. juni til 11. august kl. 11.00–16.00


Billettpriser

Voksne kr 50
Barn/honnør/student kr 20
Familiebillett kr 100
Student/ansatt UiS Fri entré