MENY

Bli lys!

Vi har no opna plansjeutstillinga Bli lys! som er eit lite utsnitt av utstillinga «Bli lys! Skapingssoga i bilete» som ble vist på Nasjonalbiblioteket i Oslo hausten 2017. Som eit tillegg stiller vi også ut ein av Stavangers eldste bibler.

Utstillingsplakaten til Bli lys! I samarbeid med Nasjonalbiblioteket visar vi no utstillinga Bli lys!

Arkeologisk museum opna i desember 2017 utstillinga «I begynnelsen». Her viser vi skapingsmyter frå heile verda, og den siste delen av utstillinga tek for seg  både vitskap og religion.

No trekkjer vi linjene vidare i denne litle plansjeutstillinga. På Nasjonalbiblioteket blei bileta vist i større versjon og i lysrammer. Vi har fått lov å presentere dette utsnittet i samanheng med utstillinga vår om opphavsmyter. Bli Lys! utdjupar og gir eit vidare perspektiv på skildringane om skapinga i Bibelen.

Bibel frå 1589

I samband med denne utstillinga har vi fått låne ein bibel frå 1589, som til vanleg står utstilt i Stavanger Domkyrkje. Denne svært gamle bibelen har tilhørt billedhugger Andrew Smith som på 1600-tallet laga preikestolen i domkyrkja. Derfor kaller menigheta bibelen «Smith’s bibel». Den er flott illustrert, og ein av illustrasjonane i Bibelen er med i plansjeutstillinga.

Sundag 25. mars kl. 13 kjem historiker og forskingsbibliotekar Bente Lavold frå Nasjonalbiblioteket til Arkeologisk museum for å fortelja litt om utstillinga.

Om utstillinga skriv Nasjonalbiblioteket følgande:

I ei tid då enden kan verke trugande nær, kastar Nasjonalbiblioteket eit blikk på byrjinga. Utstillinga Bli lys! fordjupar seg i eit utval visuelle framstillingar av den jødisk-kristne skapingssoga. Dei vakre, forunderlege og kryptiske bileta er henta frå biblar frå då trykkjekunsten var ung – ei tid då kyrkja var prega av reformasjon og splitting, og då det guddomlege framleis hadde eit mektig nærvær i verda, men vart møtt av ei ny, vitskapleg orientering.

Skapingssoga i første Mosebok består av to ulike, til dels motstridande, forteljingar. Illustrasjonane er visuelle tolkingar av bibelteksten og vart nytta som pedagogiske verktøy som skulle vekkje kjensler hos lesarane og hjelpe dei til å forstå og hugse. For oss i dag kan detaljane i desse bileta – alle dyra, symbola og ikkje minst biletkomposisjonen – gi nyttig kunnskap om kva syn dei på den tida hadde på Gud, skapinga av menneska og tilhøvet mellom det vonde og det gode. Bileta er òg interessante vitnesbyrd om katolsk, luthersk og kalvinsk biletforståing og -praksis.

Bli lys! opnar opp kunnskapen som ligg i symbola og analogiane i skapingssoga. Samstundes har bileta ei estetisk kraft som vonleg kan vekkje glimt av lys i denne mørke årstida.