Forside» Fagområder» Dokumentasjon og samlinger

Dokumentasjon og samlinger


Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er ei skattkiste. I magasina finst store samlingar av gjenstandar og naturvitskapleg materiale frå Rogaland i førhistorisk tid og mellomalderen.

Forskinga i samlingane har gitt oss den kunnskap vi har i dag om menneske, kultur og natur gjennom historia. Nye funn kjem heile tida inn til muséet. Nokre kjem frå folk som har funne gjenstander tilfeldig. Anna kjem frå utgravningane muséet sjølve gjer. Nye funn gir grunnlag for ny kunnskap.

Arkeologisk museum har etter Lov om Kulturminner ansvar for å ta vare på gjenstandar og naturvitskapleg materiele frå førhistorisk tid og mellomalder (inntil år 1537 etter Kristus) i Rogaland fylke.

Samlingane ved museet består av oldsaksmagasin og naturvitskapleg magasin (jordprøvar, fosfatprøvar, bergartsprøvar, beinmateriale). Avdelingen har ansvar for å sikra samlingane ved å ha oversikt over innhaldet i dei og tilstanden til oldsaker/naturvitskapleg materiale, samt sørga for at tilveksten av nye funn blir innlemma i samlingane på forsvarleg vis.
Tilveksten til samlingane består av funn kome inn til museet frå registreringar/ førundersøkingar utført av Rogaland fylkeskommune samt museet sine utgravingar av fornminne rundt om i fylket, og funn som er gjort tilfeldig og levert inn av finnaren. Nye funn blir ført inn i ein tilvekstprotokoll og deretter katalogisert, merka med museumsnunmmer og pakka i esker som blir oppbevart i magasinet. Samlingane består i alt av 12 000 funn. Hovudkatalogen inneheld skildringar av alle funna som finst i samlingane.
For å letta oversynet over innhaldet i samlingane, pågår nå ein omfattande revisjon. Samstundes blir alle funn lagt inn i gjenstandsdatabasen Amis II, som på sikt skal gjerast tilgjengeleg for eksterne brukarar.

Tilvekst av funn til samlingane tilfører museet grunnlag for ny kunnskap eller endring av kunnskap som er utvikla tidlegare. Derfor er det viktig at også funn som blir oppdaga tilfeldig, blir leverte inn til museet.




utsnitt av bronselur med linjal
Dokumentasjon av funn er av museets mange viktige oppgåver