MENY

Fedjedalen, Haugesund kommune

Denne utgravinga har føregått frå 31. mai og fram til no, og vil bli avslutta den 25. juni. Så langt har ein funne eit spinnehjul av kleberstein og eit fint, dekortert skår av spannforma keramikk (truleg frå folkevandringstid, dvs. 400 – 550 – talet e. Kr.), og det er påvist eit omfattande antall busetnadsspor frå jernalderen.

Frå det aktuelle området i Fedjedalen har det tidlegare blitt levert inn lausfunn; eit spinnehjul og ei støypeform for knappar. Ved ei arkeologisk registrering i regi av Rogaland fylkeskommune, blei det grave to sjakter med maskin. Den eine av desse sjaktene innheldt fleire kokegroper og eit område med flate steinar. Trekol frå ei av kokegropene er 14C-datert til 700-talet etter Kristus, dvs. merovingartid (perioden rett før vikingtida tek til frå ca 800 av). I samband med at området skal utbyggjast med nye bustadar, vart det difor naudsynt med ei utvida arkeologisk gransking.
Les om årets feltundersøkelser.

Denne utgravinga har føregått frå 31. mai og fram til no, og vil bli avslutta den 25.juni. Så langt har ein funne eit spinnehjul av kleberstein og eit fint, dekortert skår av spannforma keramikk (truleg frå folkevandringstid, dvs 400 ? 550 ? talet e. Kr.), og det er påvist eit omfattande antall busetnadsspor frå jernalderen; stolpehol og veggrøfter tilhøyrande minst eitt langhus, eit titals kokegroper og bålrestar i nærleiken av huskonstruksjonen, og eit par steinsette grøfter med brent materiale og naglar i, desse grøftene er truleg forhistoriske, men funksjonen deira er enno uavklart.
 
Det er også avdekka eit område der det er lagt ned flate steinar ? dette kan vere restar av eit golv og eit inngangsparti i langhuset. Medan stolpehola ligg i eit relativt tørt område, er kokegropene og bålrestane påvist delvist i eit meir fuktig myrlandskap. Sidan bevaringstilhøva ofte er gode i slike myrer, vil vi prioritere å ta ut ein del jordprøver og pollenprøver som kan gje informasjon om landskapsbruk og vekster i området i fortida. I den komande veka vil vi undersøkje og dokumentere så mange av dei påviste strukturane som vi kan før utgravinga tek slutt på fredag, det gjeld å få fram så mykje informasjon som råd om dei ulike fasane av langhuset og om aktivitetane i nærområdet til bygningen.

Om alt går etter planen, vert det framhald av utgravinga ved Kvernevikveien i Stavanger kommune frå neste måndag av. Der ligg det restar av fleire forhistoriske langhus og ventar på oss..

Even Bjørdal, feltleiar AM 20.06.2010