MENY

Prosjekt Hove – Sørbø, Sandnes k.

Denne undersøkinga vil avdekke og dokumentere kulturminne på ein del av høgdedraget på vestsida av Gandalen sør om Sandnes sentrum, på gardane Hove (gnr. 44) og Sørbø (gnr. 45).

Rundt år 1900 registrerte konservator Helliesen ved Stavanger museum nokre gravrøyser i området Sørbø/Hove. Han samla inn opplysningar om fleire andre gravminne her som hadde blitt fjerna i perioden ca 1840 ? 1880. Fleire flotte funn som smykker og våpen frå desse øydelagde haugane/røysene, funn som i dag finst hos Kulturhistorisk museum i Oslo.

Arkeologar frå Rogaland fylkeskommune har i løpet av dei siste tiåra utført fleire registreringssøk i området (Askeladden ID 115718 mfl.), og det har i samband med desse blitt påvist ei mengde forhistoriske busetnadsspor som stolpehol, kokegroper og dyrkingslag.


Den komande arkeologiske utgravinga i regi av Arkeologisk museum / UiS vil ved maskinell flateavdekking fjerne matjordlaget frå delar av høgdedraget for å undersøke kva som finst att av restar frå strukturar som bygningar og graver.
 
Særleg interessant er det å få utføre ei omfattande utgraving på området til ein Hov ? gard. Slike gardar er rekna å vere blant dei største og viktigaste frå jernalderen, hovet var ein sentral bygning for utøvinga av den religiøse kultusen i det førkristne samfunnet. Det er sannsynleg at det vert funne spor etter langhus og gardsdrift frå både eldre og yngre jernalder (500 f. Kr ? 1050 e. Kr), moglegvis også frå endå eldre tider. Det vil bli vektlagt å samle inn og analysere jordprøver frå utvalde lag og strukturar. Bevarte restar av frø og planterestar kan gje spennande informasjon om garden og naturen rundt i fortida.

Utgravningen på Sørbø / Hove starter mandag 6. juni

Tekst: Even Bjørdal
prosjektansvarleg for Hove ? Sørbø i perioden juni 2011 - 2012. prosjektslutt mai 2014