MENY

Korleis var livet i Rogaland i mellomalderen?

Det er mykje som er uutforska når det gjeld mellomalderen i Rogaland. Det ønskjer forskarar ved Arkeologisk Museum å gjere noko med.

Bilde fra utgravingen under domkirken i 1967-68. Foto: Arkeologisk museum, UiS Bilde fra utgravingen under domkirken i 1967-68. Foto: Arkeologisk museum, UiS

Vi veit faktisk svært lite om livet i mellomalderen i Rogaland, trass i at Stavanger har den best bevarte mellomalder-katedralen i landet. Mindre kjent er at det i tillegg finst ein gravplass frå mellomalderen, med godt bevarte skjelett, i bakken direkte under og rundt Domkirken. Vi kan få mykje kunnskap om livet i mellomalderen ved å undersøkje desse. Kor kom dei i frå? Kva jobba dei med? Var dei mykje sjuke? Kva åt dei? Kor gamle vart dei? Døydde mange mødre og spedbarn i barsel? Skjeletta og andre spor vi kan finne i jorda utgjer eit verdfullt historisk arkiv som ulike fagfolk og forskarar kan lese på bakgrunn av kunnskap og tekniske analysemetodar. Denne kjelda til informasjon i Rogaland er så langt lite utnytta. Det ønskjer forskarar ved Arkeologisk Museum å gjere noko med. Nyleg fekk vi støtte frå NFR til eit større forskingsprosjekt som vil innebere nye utgravingar i og rundt Domkirken, samt diverse analysar og undersøkingar av skjelett og anna som blir funne, i tillegg til det som allereie finst i samlingane til museet. 

 

Kvifor vil vi forske på livet i fortida?

Det finst få historiske kjelder som skildrar Stavanger og Rogaland i mellomalderen. Det arkeologiske materialet i AM sine magasin og under bakken i sentrum er difor ei unik kjelde til betre å forstå utviklinga av Stavanger som by og høvet mellom by og land i eit langtidsperspektiv. Å kunne studere ei befolking gjennom tid, om lag 1000 år, gjev tidsdjupn i forsking på menneske, miljø og samfunn. Dette er verdfullt for studiar om slike tema i dag, og ikkje minst for å betre kunne føreseie framtidig utvikling. I løpet av denne perioden skjedde store religiøse og politiske omveltningar i Norge, byane vaks fram og befolkinga vart utsett for periodar med pest og uår. Kva slags effekt hadde dette på menneska, på befolkningsvekst, til- og frå-flytting, helse? Eit døme er relevansen for medisinsk forskning i dag ettersom vi håpar å kunne sei noko om førekomsten av diverse sjukdomar og helseplager i ulike periodar. For å best ivareta dette arkivet dei fysiske levningane utgjer er det òg nødvendig med forsking. Vi veit lite om tilstanden til kulturlaga og skjeletta i dag, etter mange år med intensifisert aktivitet i sentrum. Prosjektet vil ha som mål å undersøkje dette, og vurdere tiltak for å sikre materialet for framtida. Ikkje minst har slike spor frå fortida ei rolle og eit potensiale i dagens Stavanger til å skape identitet, kjensle av tilhøyring og nye kulturelle og sosiale møtestadar. Kulturarva har både kulturell, sosial og økonomisk verdi. Forskinga og resultata av desse kan vere med på å gje ein boost til nytte for både næringsliv, turisme, innbyggjarar og besøkande. I jakta på kva Stavanger og Rogaland skal vere etter oljå er AM-UiS sitt bidrag å løfte fram og synleggjere mellomalderhistoria til regionen.

 

Korleis kan ein forske på mellomalderlivet?

I dette prosjektet vil fokus vere på mennesket i sitt miljø. Korleis har levekår og levesett endra seg i samspel med endringa frå eit bonde- til eit bysamfunn, og med endringar i klima, landskap og vegetasjon? Eit hovudmål er å undersøkje tilstanden til kulturlaga og materialet som blir funne, og det vi allereie har i magasina, for å vurdere tiltak for best mulig framtidig bevaring. For å gjere alt dette står undersøking av skjeletta sentralt, men òg analysar av miljø-data som jord, frø og pollen.

Skjeletta vil bli studert av spesialist som vil kunne bestemme kjønn, alder og høgd, og finne ulike slitasjar, skadar og sjukdomar som set spor i skjelettet. Av og til kan ein avgjere dødsårsaka. Vidare vil prøvar bli tatt frå skjeletta for ulike typar kjemiske og biomolekylære analysar inkludert radiokarbon-datering. Datering er viktig for å tidfeste dei ulike hendingane. Til dømes er eit viktig spørsmål kor lang tilbake i tid denne kristne kyrkjegarden strekker seg. DNA-analyse har i den siste tida blitt ein viktig metode innan arkeologi og dette vil kunne sei noko migrasjon, slektskap og sjukdomar. Ein annan relativt ny analysemetode er såkalla stabil isotopanalyse der ein måler kjemiske signal i beinet som kan avsløre både kosthald og om ein person har flytta i løpet av livet. Vidare vil tilstanden på bein-materialet òg vurderast gjennom mikroskopiske og kjemiske analysemetodar. Kva informasjon kan vi framleis finne i materialet og kor mykje er skada eller tapt på grunn av nedbryting eller forureining? Jordprøvar vil bli tatt frå gravene for å leite etter pollen og frø, insekt og parasittar, og for gjere jordkjemiske analysar. Målet er blant anna å finne restar etter det siste måltidet, og få kunnskap om gravskikk, til dømes om dei la ned blomar i gravene. For å etablere kunnskap om miljø, vegetasjon og landskap ønskjer vi i tillegg å gjere geologiske analysar som inneber undersøking av materiale frå borekjernar i Breiavatnet og andre stader i nær-området. Dette vil kunne fortelje om landskapsutviklinga over lengre tid, om endringar i klima og vegetasjon.