MENY

Mellomalderliv før og etter døden

Prosjektet støtta av Forskingsrådet startar 1. desember 2020 og vil vare i fire år. Det vil sei at mykje ny og spennande kunnskap om mellomalderen i Stavanger og omegn vil komme fram i tida fram mot 900-års jubileet til byen i 2025!

Berekraftig forvaltning av bioarkeologisk kulturarv

Berekraftig forvaltning av biologiske leivningar frå mellomalderen i Rogaland er tema for dette tverrfaglege forskingsprosjektet som involverer ti forskarar frå sju ulike forskingsinstitusjonar i inn- og utland. Forskargruppa inkluderer ulik spisskompetanse innan arkeologi, konservering, osteologi, bioarkeologi, geologi/geoarkeologi, palaeobotanikk, palaeogenetikk, entomologi og rettsmedisin. Det handlar i hovudsak om analysar av biologisk materiale, heilt ned på molekylært nivå, og undersøkingar av korleis dette kan bevarast eller brytast ned i ulike miljø. Målet er å betre forstå desse prosessane slik at vi best kan ivareta dette verdfulle, og dels usynlege historiske arkivet for framtida. Dette er òg kunnskap relevant i politiarbeid og rettsmedisinsk kontekst, og vi ønskjer å utvikle samarbeid med politi og rettsmedisinarar. I prosessen har vi òg som mål å kunne gje eit glimt av livet i mellomalderen. Der bevaringstilhøve tillèt det vil vi kunne ta i bruk avanserte analysar av skjelett og gravmateriale som kan kaste lys over individuelle livshistoriar; kor dei kom i frå og dels korleis dei levde.

Ein forskingsdugnad

Dagens lokale befolkning er i denne samanheng særs viktig; det er deira førhistorie det her er snakk om, og det er dei som har ei viktig rolle i at dei fysiske leivningane blir ivaretatt for framtida. Difor er inkluderande forskingsformidling ein viktig del av prosjektet. Vi har etablert dialog med ei rekke lokale institusjonar og aktørar, inkludert næringsliv, skuleverk og kyrkje. Vi vil rådføre oss med ei gruppe av representantar for ulike interessegrupper, organisere ‘bruker-workshops’, og til slutt ein vitskapleg konferanse der ulike interessentar òg vil bli invitert.