MENY

Du blir det du et – kosthold i Stavanger gjennom 800 år, 800-1600 e. Kr.

Av jord er vi komne, bokstavleg tala. Kroppen vår tek nemleg byggjeklossane for molekyl og kroppsvev frå jord og luft, via det vi et og drikk. Det vil sei at dersom vi finn leivningar etter menneske som levde før oss, kan ein finne ut av kven folk var, eller meir spesifikt, kva dei åt.

Illustrasjon som viser korleis ein tolkar kosthold ut frå karbon - og nitrogen-isotop verdiar målt på arkeologisk skjelettmateriale: høgare verdiar tyder meir marint protein eller meir kjøt i kostholdet. Illustrasjon som viser korleis ein tolkar kosthald ut frå karbon - og nitrogen-isotop verdiar målt på arkeologiske skjelettmateriale.

Dette kan ein no nemleg studere ved hjelp av kjemisk analyse av skjelettmateriale, det ein kallar stabil isotopanalyse, eller diettanalyse. Den mest vanlege framgangsmåten er å måle den relative mengda av dei ulike isotopane, eller versjonane, av grunnstoffa nitrogen og karbon i beinproteinet i bevarte skjelett. Desse verdiane endrar seg nemleg oppover i næringskjeda og er annleis i terrestriske og marine miljø. Skjeletta funne ved utgravinga i domkyrkja i 1968, samt ei gruppe skjelett frå ei utgraving i 1993 på plassen framom domkyrkja, har blitt analysert av forskarar ved hjelp av desse metodane. Då undersøkinga starta i 2012 var det første gong menneskeleg skjelettmateriale frå Norge vart analysert ved hjelp av denne metoden.

Mykje sjømat og proteinrikt kosthald
Dei 15 undersøkte individa representerer ulike tidsperiodar, frå vikingtid til 1600-talet. Nitrogen- og karbonverdiane viste seg å spegle samfunnsutvikling og kulturendringar. Vi fann nemleg ein klar samanheng mellom isotopverdiar og periode. Dei lågaste verdiane er funne i den tidlegaste perioden, vikingtida, medan dei høgaste verdiane er å finne på 1000- og 1100-talet. Gjennomsnittsverdien på 15- og 1600-talet ligg mellom desse to gruppene. Dei høge verdiane indikerer at ein større del av kosthaldet var basert på marint protein i middelalderen. Det var med andre ord mykje sjømat på menyen, truleg på grunn av dei katolske fastereglane der det var forbode å ete kjøt i fleire periodar gjennom året. At verdiane er lågare i det yngre materiale kan ha samband med reformasjonen i 1537 då overgang frå katolisisme til protestantisme igjen endra tradisjonen med faste, og kanskje andre  kosthaldvanar. Uansett, frå alle periodar er det tydleg at Stavangerfolk sverja til ein proteinrik diett. Truleg utgjorde karbohydratar (til dømes brød og graut) likevel ein vesentleg del av kostholdet, men relativt sett, samanlikna med andre befolkningar i Europa, hadde Stavangerfolk eit større innslag av sjømat.

Les meir
Skjelettundersøkinga vart òg skildra i ein artikkel i avisa Morgenbladet samt i følgande publikasjonar:
- Artikkel av Hollund, H. I., L. van der Sluis, og S. D. Denham, 2013: Bevarte skjelett som arkiv for levd liv: Nye metodar for undersøking av beinmateriale frå Domkyrkja. I medlemsblad for Byhistorisk Forening, Stavangeren nr 3(22), side 95-100.
- Artikkel av Hollund, H. I. og L. van der Sluis, 2013: Av jord er vi komne, til jord skal vi bli? Bevarte
skjelett som arkiv for levd liv.
I tidsskrift for Rogalands arkeologiske forening, frà haug ok heidni nr 3, side 9-12.
- Artikkel av L. van der Sluis, Hollund H. I. m.fl, 2016: A palaeodietary investigation of a multi-period churchyard in Stavanger, Norway, using stable isotope analysis (C, N, H, S) on bone collagen.
I det vitskaplege tidsskriftet Journal of Archaeological Science: Reports (9), side 120-133.