MENY

Museumsmaraton i kvinnehistorie 2020

Velkommen til ny museumsmaraton i kvinnehistorie 8.mars!

Frå vikingtid til oljealder har kvinnerolla endra seg, ofte har sterke karakterar gått føre og bana veg! Vikingkvinner med ansvar for familie og ære, kvinner i hermetikken som brukte eigne posisjonar for å betra kåra for alle arbeidarkvinner, og i moderne tid kor kvinner gjekk frå aktive roller på land til sjølv å jobba offshore.

På kvinnedagen har du moglegheita til å fordjupa deg i desse historiene! Me startar på Stavanger maritime museum i Vågen, via Stavanger domkyrkje og sentrum, dyktig losa av formidlarar frå Arkeologisk museum og Guidecompaniet, til me sluttar av på Norsk Oljemuseum på Kjeringholmen.

Her får de høyra om sterke vikingkvinner, dei spanande historiene om inspektør Kjeldsberg og fabrikkeigar Andersen, og kvifor Gro Harlem Brundtland fekk tildelt oljeindustrien sin heiderspris.

Arrangementet skjer til fots og delvis utandørs.
Bølgen og Moi gir 20% rabatt på lunsj, me anbefalar å bestilla bord på førehand.

Kaffi og te til deltakarane blir sett fram frå 10.30. Turen varar to timar og det er avgrensa mengd plassar, billettar kan kjøpas på Guidecompaniet sine nettsider
 

stavanger museum kvinnehistorie

Bli med på museumsmaraton i kvinnehistorien i Stavanger