MENY

Utstillingsopning: Solkult myter og mystikk – bronsealderkvinna si verd

21. mars opnar utstillinga "Solkult myter og mystikk – bronsealderkvinna si verd" på Arkeologisk museum.

Utstillinga tek føre seg Rogaland sitt rike funnmateriale frå bronsealderen. Rogaland er særs rikt på praktfunn, graver, helleristningar og gardar og var ein sentral aktør i den felleseuropeiske bronsealderkulturen. 

Helleristningane og bronsegjenstandane sitt rike biletspråk, samt dei mange rituelle funna, gjer bronsealderen myteomspunnen og prega av mystikk.