MENY

722 år eldre på ei veke

På éi veke i haust gjekk steinalderskjelettet etter den såkalla Visteguten frå å vera 7 500 år gammalt til å bli 8 222 år.

Kall det gjerne ein liten glipp, men det at forskingssjef Mads Ravn ved Arkeologisk museum oppga alderen på Visteguten til 7 500 år, var ikkje ein direkte feil, men årstalet var ikkje kalibrert. Kalibrert er guten 8 222 år BP CAL.

Ny metode
På slutten av 1940-talet utvikla den amerikanske kjemikaren Williard Frank Libby ein metode for å rekna ut kor fort mengda av C14 i vevet minkar. For levande organismar tek til seg den radioaktive isotopen C14 så lenge dei er i live. Når vi døyr, stoppar prosessen.

Den såkalla halveringstida er i dag justert til 5 730 år (pluss/minus 30 år), og metoden blir brukt til å datera materiale som inneheld kolstoff.
Forskarar har funne ut at innhaldet av C14-isotopen ikkje alltid samsvarte med lengda på eit kalenderår.

Ujamn kosmisk stråling
– C14-isotopen kjem frå kosmisk bakgrunnsstråling. Etter atomprøvesprengingar i 1950- og 1960-åra blei atmosfæren tilført større mengder C14 enn tidlegare. Strålinga frå sola har også alltid variert, forklarer Mads. I og med at folk flest er interesserte i å tenkje i kalenderår, fann forskarane ut at det greiaste var å leggja inn alle desse om-a og men-a og dei ustabile C14-målingane inn i ei kalibreringskurve. Kalenderåret som er sett som mal, er 1950, også kalla BP, before present.

Omtrent 800 år er skilnaden på eit C14-år og eit kalenderår i nokre periodar i forhistoria, men det varierer over tid.

– Denne kalibreringsmetoden har definitivt endra ein del historiske linjer og er endå eit prov på at nye opplysningar gir nye innsikter og opnar opp for nye vindauge inn i fortida, seier Ravn.

Visteguten ei jente?
Ravn er forventningsfull med tanke på kva nye opplysningar kan gi av nye innsikter om Visteguten òg. Til dømes er det ei teoretisk moglegheit for at guten er ei jente.

– Det er usemje om det er mogleg å fastslå om eit skjelett av ein 15-åring tilhøyrer ei jente eller ein gut, fortel Ravn. Med nye analysar av knokkelmaterialet – mellom anna av vinklar i kjeven og hoftepartiet – kan ein også få svar på kva kjønn det er. Det sikraste er likevel å ta ei DNA-prøve. Utfordringa er å finna materiale som ikkje er forureina av menneskehender eller kjemikaliar.

– Ei DNA-prøve vil også gi oss svar på om dagens randabergbuar er direkte avkommarar av Visteguten, avsluttar Mads Ravn.

Denne artikkelen er henta fra Univers nr. 4.

Tekst: Elisabeth Hovland