MENY

Ansikt til ansikt med steinaldergut

Her ser du ansiktet til ein gut som levde utanfor Stavanger for 7 500 år sidan. Hovudet til Noregs best bevarte steinalderskjelett er rekonstruert.

– Om familien hans hadde fått sett denne rekonstruksjonen, så ville dei ha kjent han igjen, seier Jenny Barber.

Ho har laga ein vitskapleg ansiktsrekonstruksjon som gjer det mogleg å få augekontakt med den kortvaksne og sterke Visteguten som levde i Svarthola utanfor Stavanger for 7 500 år sidan.

Barber er masterstudent ved universitetet i Dundee i Skottland og tek faget forensic art, kriminalteknisk kunstfag – eit heller sjeldan studium der ein blant anna lærer om menneskeleg anatomi og identifikasjon for å gjenskape utsjånaden til eit faktisk menneske. 

Modelleringsmetoden som er brukt i dette faget, er hovudsakleg brukt i politisamanheng. Metoden er lite kjent og brukt i Noreg. Og no er altså den mest omfattande rekonstruksjonen av eit steinalderskjelett i Noreg realisert.

Søndag 6. november kan du møte Visteguten på Arkeologisk museum ved UiS.

Noregs mest komplette
Det 7 500 år gamle skjelettet av Visteguten vart funne i 1907. Det er det mest komplette steinalderskjelettet vi har, og det tredje eldste skjelettfunnet i Noreg i det heile. 

I dag er den mørke hovudskallen og beina utstilte i ein glasmonter på Arkeologisk museum.

Visteguten vart berre 15 år, viser beinanalysane. Han raga knappe 1,25 meter over bakken. Han levde truleg med ei gruppe på 10–15 menneskjer. Dei åt fisk, mykje torsk, noko østers, muslingar, skarv, elg og villsvin. 

Arkeologane har òg meint at steinalderguten kunne ha vore sjukleg, og at det var difor han døydde ung. 

Frå skada skalle til ansikt
Det er tre kjende bevarte steinalderskjelett i Noreg. Det eldste er av ei kvinne som vart funne i Søgne i 1994. Hovudskallen hennar er datert til 8 600 år før vår tid. 

Som den første, og fram til no einaste, rekonstruksjonen av eit steinalderskjelett i Noreg, vart det i 1997 i samband med ei utstilling på Kunsthistorisk museum ved UiO, laga ein modell av Søgne-kvinna ut frå ein serie røntgenbilete av skallen. Data frå denne skanninga danna grunnlaget for ein tredimensjonal rekonstruksjon gjort på University College London.

Men metodane for rekonstruksjon blir stadig betre, og modellen av Visteguten er mykje meir nøyaktig utforma enn den av Søgne-kvinna.

– Målet har vore å gjere modellen så lik originalen som mogleg. Det er det forensic art-studiet går ut på: identifikasjon og gjenkjenning av eit unikt menneske, forklarer Jenny Barber.

Ho har skanna hovudskallen til Visteguten med laserkamera. Skanninga av overflata har gjeve nøyaktige data om korleis anatomien er. 

Kraniet var noko skada, så den sida som var mest komplett, vart duplisert, og som støtte nytta Barber ein digital kopi av ein annan hovudskalle av ein 15 år gammal gut. 

Den endelege anatomien refererer likevel i all hovudsak til dei originale beina. 

Etter programmeringa kunne Barber skrive ut den digitale modellen som ein tredimensjonal modell i plast, for deretter å utforme musklar og skinn og detaljar i leire. 

Etter å ha laga sjølve leirbysta, laga ho ei negativ form og støypte det ferdige resultatet i kunstharpiks og glasfiber. Til sist har ho måla og sett på auge, øyrer og andre
detaljar.

Kortvaksen og muskuløs
Arbeidet til Barber viser at Visteguten har hatt såkalla båtskalle, ei medfødd misdanning som gjer hovudskallen lang og smal. Barber har villa vise fram dette og har derfor ikkje dekt modellhovudet med hår. 

Arbeidet hennar viser vidare at den kortvaksne guten ikkje var nokon spjæling.

– Ut ifrå denne rekonstruksjonen kan vi sjå at han må ha vore muskuløs, ja rett og slett eit robust individ. Så det er ikkje sikkert han har vore sjukleg, slik ein har trudd. Ut ifrå beinanalysane ser han ikkje sjuk ut, og han har ikkje andre misdanningar enn båtskallen, fortel Barber.

Liknar oss
– Dette med båtskallen er ny medisinsk kunnskap om Visteguten som vi ikkje har sett før, seier Mads Ravn, forskingsleiar ved Arkeologisk museum. 

Han er svært begeistra over arbeidet Barber har gjort. 

Han peiker på liknande arbeid som er gjort på Moesgård Museum i Danmark. Der har ein rekonstruert Grauballemannen, eit lik frå ei myr i Danmark. Han viste seg å ha stort underbit og tettsitjande auge, noko som fekk ein til å meine at han var ein utstøytt eller ein forbrytar som hadde blitt teken av dage, og ikkje ein rik mann som var ofra til gudane. 

Det var òg klart at han på same måte som den såkalla Tollundmannen likna mange nolevande danskar.

– Likeins kan vi no sjå at Visteguten liknar oss. Sjølv med båtskallen sin, ser han ikkje sjukleg ut. Tvert imot var han sterk, sunn og frisk, seier Ravn.

Augekontakt med steinalderen
I tillegg til dei meir vitskaplege funna, som båtskalle og god muskulatur, synest Ravn det er flott å sjå ein så fjern forfader i auga.

– Tenk, vi kan få eit inntrykk av korleis den eldste norske mannen såg ut. 

Forskingsleiaren er svært glad for moglegheitene denne rekonstruksjonen gjev museet.

– Utfordringane våre når det gjeld eldre arkeologi er å få formidla funna på ein god måte. Med arbeidet til Barber har vi fått ei fantastisk moglegheit til å formidle kjøt og blod i eit svært gammalt funn, seier Ravn.

Prosjektet er ein del av UiS sitt forskingsprogram Scientific Archaeological Laboratory Studies som inneber ei satsing på laboratorieaktivitet i samarbeid med formidlingsavdelinga ved museet. 

Barber sjølv legg vekt på formidlinga som ein viktig motivasjon for arbeidet hennar.

– Folk blir dregne mot ansikt. Såleis vil truleg Visteguten kunne tiltrekkje seg merksemd i ei framtidig utstilling her på museet. Slik vil historia om Vistehola og Visteguten og dei andre menneska som budde der, bli meir levande for publikum, seier Barber. 

Ho legg til at ansiktsrekonstruksjon er brukt i formidlingssamanheng på museum mange stader i verda, men at slike ikkje er særleg utbreidd i museumssamanheng i Noreg.

Oppdatering: Visteguten er 722 år eldre enn ein trudde!

Les også sak i Forskning.no

Denne artikkelen er henta frå Univers nr. 3 - 2011 som kjem ut fredag 7. oktober.

Tekst: Karen Anne Okstad