MENY

Bevarte skjelett som arkiv for levd liv

19. mars kl. 18.30 held konservator Hege Hollund føredraget «Av jord er vi komne, til jord skal vi bli? Bevarte skjelett som arkiv for levd liv» på Arkeologisk museum. Det er det siste tysdagsføredraget denne våren.

Unikt skjelettmateriale vart avdekka ved utgravingar under og ved domkyrkja i Stavanger på seksti- og nittitalet, med dateringar frå vikingtid til 1600-talet. Føredraget vil ta opp korleis dette materialet kan analyserast med nye metodar og såleis gje ny kunnskap og innsikt om fortida. Ein vil òg vise utfordringar knyta til nedbryting og bevaring av skjelett.

Dette er det siste tysdagsføredraget denne våren. Føredraga finn stad i auditoriet på museet og startar kl. 18.30. Fri entré og alle er velkomne.

I vår hyggelege museumskafé sel vi risgraut kvar tysdag frå kl. 15 til 18.