MENY

Eksklusiv gjesting i nye utstillingar på Arkeologisk museum

Velkomen til eksklusive gjestingar i dei heilt nye utstillingane på Arkeologisk museum. Finn link til kjøp av billettar her!

Vikingsverd

Arkeologisk museum har gleda av å invitere til omvising i våre heilt nye utstillingar på Arkeologisk museum samen med formidlar torsdag 13. august kl 14.

Bli med på ei VIP-omvising med vår formidlar i den nye vikingtidsutstillinga før den offisielle opninga 15.august! Sentralt i utstillinga er koplinga Rogaland har til Irland, her får du sjå over tusen år gamle gjenstandar frå vikingane sine reiser både aust og vest, deriblant det innlånte gullfunnet frå Soma. Opplev storleiken av eit lokalt vikingskip gjennom ein einaste ekte treplank, og bli kjent med ulike kvinneskapnader og ein høvding frå Ryfylke gjennom gravfunna deira. Det blir moglegheit for å stille spørsmål under heile turen. Mot slutten av omvisinga vil du få høvet til å oppleve den heilt nye utstillinga “Solkult, mytar og mystikk - bronsealderkvinna si verd".  

Hos Kafé Ask & Embla spanderer vi herleg økologisk kaffi eller te. Er du litt svolten? Ja, då kan du unne deg ein smakfull matbit som blir bestilt og noten i museumskaféen.  

Billettar kjøpes på førehand via Deltager.no.  

Følg dessa linkane for kjøp av billettar
Omvising 11.8
Omvising 12.8 (engelsk/english)
Omvising 13.8 


Begrenset antall billettar og datoar

Kr. 160,-  per person

  

Lengd 45 minutt  

Maks. 10 personar per omvisning

  

Lurer du på noko? Ring oss på 51 83 26 00