MENY

Familiedag

Sundag, 15. desember, byr vi på to spennande familietilbod på Arkeologisk museum. Kl. 12 kan du bli med på omvisinga Tidsreisa – ei vandring i forhistoria med aktiviteter, og frå kl. 13 kan du prøve vår tidsmaskin.

I omvisinga Tidsreisa tek reiseleiaren deg med frå steinalder til middelalder. Du får sjå alt frå 1500 år gamalt smør, til bronselurar funne på Revheim, til det mest komplette steinalderskjelettet i Noreg.

Underveis i omvisinga får du prøve deg på ulike aktivitetar, som å skjære i skinn med flintflekker, lage eld med eldstål og skrive runer.


Tidsmaskinen
Tidsmaskinen er open frå kl. 13. Gå inn, reis 10 000 år tilbake i tid – til ein steinalderbuplass. Her kan du ta del i dagleglivet, i skinnteltet finn du utstyr du kan prøve. Du kan dra på fisketur i stokkebåten, slipe steinreiskapar og lage eld på steinaldervis.


Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. I gåvebutikken finn du flotte og spesielle julegåver.

Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.