MENY

Fragment av levde liv

'Fragment av levde liv' er ei fotoutstilling med ein serie bilete av brynefotografen Styrk Lote. Utstillinga opnar søndag 6. september på Arkeologisk museum.

Fotoutstillinga "Fragment av levde liv" viser korleis små utsnitt av livet rundt oss kan gi innsikt i meir komplekse samanhengar, akkurat slik tilsynelatande små gjenstandar frå fortida kan gi oss ny kunnskap om menneske før oss.

Naturen er den store inspirasjonskjelda til Styrk Lote, men tema som grafitti og søppel er også sentrale i motiva hans. Fotografen seier følgjande om bileta sine;

Menneskelege spor er fasinerande å følgja
- på godt og vondt. Som fotograf peikar
eg på hendingar og stiller spørsmål. Det er
viktig å skapa debatt. Og som fotograf er
ein stadig på leit. Eg har vore oppteken av
detaljer og har eit minimalistisk billedsyn.
Ser etter gullkorn der andre ser rot eller
søppel. Grafitti og tagging har fasinert meg.
På sitt beste er det poesi i det offentlige rom.
Samstundes eit innlegg i debatten om kven
som skal bestemma kva. Eg er litt glad for
at eg nå kan «udødeleggjere» ei forfylgd
kunstform.

Bileta frå dagliglivet vårt blir i utstillinga kopla med arkeologiske fragment. Arkeologiske gjenstandar er kanskje små og unnselege. Som kjelder er dei likevel verdifulle ? dei gir kunnskap om menneske i forhistoria.

Styrk Lote vil gi omvisning i utstillinga søndag 20. september kl. 12.00, 13.00, 14.00 og søndag 4. oktober kl. 12.00, 13.00, 14.00.

Arkeologisk museum 6. september - 18. oktober 2009