MENY

Magasinerte skattar

Sundag 17. mars frå kl. 13 til 15 viser arkeolog Anders Strinnholm fram og fortel om ulike reiskapar og våpen frå steinalderen på Arkeologisk museum.

Arkeolog Anders Strinnholm har vore i museet sine rikhaldige magasin og plukka fram nokre ordentlege godbitar frå steinaldersamlinga. Du får sjansen til å kome tett innpå steinaldermenneskja sine våpen og reiskapar – og til og med kanskje oppleve å halde ei mange tusen år gamal steinalderøks i eigne hender!


4000 år gamal flintdolk
Døme på noko av det Strinnholm vil vise fram og fortelje om er ein 4000 år gamal, nydeleg tillaga flintdolk og økser som fortel om kontakt med menneskjer i Syd-Skandinavia allereie for 6000 år sidan.

Nytt også gjerne anledninga til å stille spørsmål om korleis arkeologane arbeider og andre ting du lurer på omkring arkeologi.


Omvising
Kl. 12 på kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa – ei omvising om forhistoria til Rogaland. Omvisinga går kvar sundag. Du får moglegheit til å prøve deg på ulike aktiviteter, som å lage eld med eldstål og skjære i skinn med flintflekker.

Nyt kaffi og påsmurd i vår museumskafé. Ta også turen innom vår unike gåvebutikk. Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.