MENY

Møt oss i Vistehola

Sundag 5. mai kan du treffe arkeolog Olle Hemdorff i Vistehola frå kl. 11 til 15. Sjå ein rekonstruksjon av andletet til Visteguten og høyr om korleis det var å leve nettopp her for 7500 år sidan.

Arrangementet er ein del av Landsbyfestivalen i Randaberg 2013. 5. mai blir det sykkeltur med ulike postar og Arkeologisk museum står på posten ved Vistehola.

Arkeolog Olle Hemdorff fortel om livet Visteguten levde for omkring 7500 år sidan. Han viser også fram ein vitskapleg utført rekonstruksjon av andletet til Visteguten.

Rekonstruksjonen er utførd ved hjelp av laserskanning av Visteguten sin hovudskalle, som vart funnen i 1907. I sitt føredrag vil Hemdorff bringe oss nærmare steinaldermennesket. Korleis levde dei og kva slags gleder og sorger kan dei ha hatt?

Tom Steffen Simenstad frå Arkeologisk museum arrangerer aktiviteter for born, mellom anna pil og bue-skyting. Kokkane frå Viste strandhotell serverer Visteguten si fiskesuppe. Velkommen!

Les meir om Landsbyfestivalen i Randaberg.

På museet kan vi freiste med familietilbodet Tidsreisa – ei reise frå steinalder til middelalder. Det er ein omvising som går kvar sundag kl. 12.